SEIN PILEGRIMSESONG I VEST-TELEMARK

Fire ulike pilegrimsgrupper har i år vandra frå Telemark til Røldal. Sesongen kom seint i gang på grunn av store snømengder i fjellet.

Foto: Eilev Erikstein

Grunna mykje snø på forsommaren vart det ikkje pilegrimsvandring frå Seljord til Røldal i år, og heller ikkje vandring frå Hovden til Røldal. Men likevel har det kome pilegrimsgrupper frå Vest-Telemark til Røldal også i år. Prostidiakon i Øvre-Telemark Eileiv Erikstein har arrangert 4 pilegrimsvandringar for ulike grupper.

- Det er noko med det å gå som gjer ein godt på ulike måtar, seier Erikstein. Målet er alltid det same- kvart einaste år, stavkyrkja og krusifikset i Røldal.

Her er  ein oversikt over vandringane som no er gjennomførte:

Å vandre med håp, er ei fem dagars vandring frå Grunge kyrkje til den gamle kyrkja i Røldal. Arrangert sidan 2008. Dette er eit breitt samarbeid mellom kyrkja og psykiatritenesta  i dei seks  Vest-Telemark kommunane, DPS i Seljord og arbeidsmarknadbedrifta KVITO. Siste dagen var med blitt til seksti stykk som gjekk tre runder rundt Røldal kyrkje.

Vandring for forandring. Pilegrimsvandring for etterlatne etter sjølvmord . Her gjekk ein frå Haukeliseter til Røldal lang vegen over Dyrskar. Vart arrangert for fjerde gong i år.  Dette er ei samarbeid mellom LEVE ( Landsforeningen for etterlatte etter selvmord) og RVTS Sør og kyrkja. Her var det åtte deltakarar.

Vandring mot fridom: Pilegrimstur for innsette ved Skogsleiren i Fyresdal. To dagars vandring. Fem innsette og ein fengselsbetjent. Overnatting i lavo på Haukelifjell.

Vandring for ny meistring er eit samarbeid mellom Øvre Telemark Familievernkontor og Prostidiakonen. Vandringa var avslutninga for Sinnemeistringskursa på Notodden og Bø. Fem deltakarar var med.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"