Ulykkesmarkering
Praktisk informasjon
Fra:4.2.2026 - kl.17.00
Til:4.2.2026 - kl.20.00
Sted:Blåflat gard, Etnedal
Arrangør:
Kvart år mistar folk livet eller skadast i trafikken. Minnemarkeringar gjennomførast for å minnast dei som døydde. Dei skal og vere til støtte for pårørande, trafikkskadde og yrkespersonell som dagleg arbeider med trafikkulykker. Ulykkesmarkeringa bidreg også til å syne fram det viktuge arbeidet med å forebygge trafikkulykker.
I fjor omkom 14 menneske i trafikken i Innlandet. 373 personar vart skadd. Onsdag 4. februar minnast vi dei omkomne og markerer hendingane i Etnedal. Pårørande til dei omkomne inviterast spesielt. Eit ljos for kvar av dei skadde og omkomne vil skine langs fylkesveg 251 i samband med markeringa.
Markeringa er eit samarbeid mellom Innlandet fylkes trafikksikkerheitsutval (FTU), Etnedal kommune og Den norske kyrkja.
Trafikkulykkene har store konsekvensar i form av sorg, sakn og liding. Markeringa gir kjenslene rom og er ei stund til ettertanke. Arrangementet er ope for alle utan påmelding.
Biskop Ole Kristian Bonden vil delta under markeringa i Etnedal.
Program:
Kl. 17.00: Åpning på Blåflat gard, Kyrkjevegen 59. Her ønskjer ordfører Linda Mæhlum Robøle i Etnedal kommune velkomen. Det blir også kulturinnslag og appellar ved pårørande og Iselin Vistekleiven som er leiar av hovudutvalg for samferdsel i Innlandet fylkeskommune.
Kl. 17.20: Fakkeltog frå Blåflat gard til Etnedal kyrkje.
Kl. 17.45: Minneseremoni i Etnedal kyrkje der biskop Ole Kristian Bonden og soknepresten leier seremonien.
Ca kl. 19.00: Kaffesamvær i Bruflat kyrkjelydshus i Kyrkjevegen 44 i Etnedal
Arr: Fylkets trafikksikkerhetsutvalg (FTU) i Innlandet, Etnedal kommune, Den norske kyrkja
