Jaktar dei gode historiene

Ola Viker Lunde trefte blink på fyrste skot. Frå nyttår blir 53-åringen sokneprest i Øystre Slidre.

Publisert:

Ola Viker Lunde tjuvstarta tenesta som kyrkjelydsprest med gudsteneste i Volbu kyrkje. Nå blir kyrkja ei av fem den nye soknepresten skal gjere teneste i. Foto: privat.
Ola Viker Lunde tjuvstarta tenesta som kyrkjelydsprest med gudsteneste i Volbu kyrkje. Nå blir kyrkja ei av fem den nye soknepresten skal gjere teneste i. Foto: privat.

Han har vore institusjonsprest på Riisby behandlingssenter i 7 år, følgd av eit vikariat i Etnedal før han fekk jobben i Øystre Slidre. Rett før han byrja vikariatet i Etnedal vart han spurd om å ha ei gudsteneste i Volbu kyrkje. Han drog innom kyrkjekontoret på Heggenes der han møtte dei tilsette. – Det var ein fin gjeng, så eg bestemte meg for å søke, seier Ola Viker Lunde. No ser han fram til eit godt samarbeid med dei andre tilsette.

Ein prest for alle

Han vil gå sakte fram i starten. - Det tar tid å sette seg inn i årshjulet og alle lokale tradisjonar og forventningar, seier Ola. Han meiner det blir viktig i starten og ikkje gripe over for mye, men å porsjonere og delegere dei ulike oppgåvene utover året.

De fem kyrkjene i Øystre Slidre gler han seg til å bli betre kjent med. Ola Viker Lunde er opptatt av  arkitektur og historie, og seier at kvar av kyrkjene vil ha ei spennande historie å fortelje. Han gler seg også til å bidra til eit godt samarbeid mellom kyrkja og skulene. – Kyrkjelydane har eit veldig bra program for trusopplæringa, seier han og meiner kyrkja vil ha mange tema som vil vere aktuelle for dei lokale barna i skulen.

Den nye soknepresten gler seg til å møte både dei faste innbyggarane, men også dei mange gjestene som er i området der han ser at lyskapellet på Beitostølen blir eit spennande utgangspunkt. - Eg ønsker å vere ein prest for alle, seier han.

Med børsa klar

Når han ikkje er på arbeid likar Ola å lese, gå tur og lage mat. Tidlegare har han jakta småvilt og skutt med pistol. Etterkvart vil han gjerne prøve seg på leirdueskyting.

Hunden Solan er ein dunker, ei hunderase som er mykje brukt på harejakt. Men Solan er  ingen jakthund. Han er ikkje interessert. Foto: Privat.  

Ola Viker Lunde bur i Hov i Søndre Land. Han er gift med Hilde som arbeider som kyrkjeverje der. Dei har ei dotter på 10 år,  Marianne som går på Odnes skule.

- Det er litt avstand frå heimstaden til Øystre Slidre men eg skal prøve å skaffe meg eit krypinn så snart det lar seg gjere, smiler Ola.

Vi ønskjer Ola velkomen, og lykke til som sokneprest i Øystre Slidre.

Kontaktinformasjon for Hamar biskop og bispedømmeråd

Sentralbordet er åpent
mandag-fredag 09.00-15.00 

Kontoret vil være stengt i påsken fra mandag 30. mars t.o.m onsdag 1. april.

Telefon +47 62 55 03 50 

 

 

 

 

 

Folkestadsgt. 52
2317 Hamar
Postboks 172
2302 Hamar
hamar.bdr@kirken.no

Fakturaadresse: 

Faktura sendes som EHF. Alternativt som pdf-faktura til vårt fakturamottak mb.12908@xledger.net (Merk: kun én faktura med vedlegg pr. e-post).

Org nr: 818 066 872
Ref: 2303101 + navn på bestiller

Pr. post:

Den norske kirke v/Hamar bispedømmeråd
Postboks 799 Sentrum
0106 Oslo

Vi ber om 30 dagers betalingsbetingelse. 

Ved vold og seksuelle overgrep
i kristen sammenheng:
kontakt Kirkelig ressurssenter
Tlf: 23 22 79 30
post@kirkeligressurssenter.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"