Vågå 2025 Visitasprotokoll

Ein ny song om Vågåkyrkja vart urframførd under visitasen i Vågå som vart halde 16. - 18. september. Visitasen vart avrunda med gudsteneste den 28. september.

Publisert:

"ei mor for sjel i strid og byd oss sin hjartevarme", frå diktet om Vågåkyrkja av Anders Skrede som er tonsett. Foto: Vågåkyrkja.
"ei mor for sjel i strid og byd oss sin hjartevarme", frå diktet om Vågåkyrkja av Anders Skrede som er tonsett. Foto: Vågåkyrkja.

Bispevisitas i Vågå
16.–18. og 28. september 2025


Visitasforedrag


Innleiing


“Vågåkyrkja liti og blyg”


Slik skildrar Anders Skrede Vågåkyrkja i diktet sitt frå 1933, som no er tonesett i 
samband med kyrkja sitt 400-årsjubileum. Kyrkja er “ei mor for sjel i strid og byd oss sin hjartevarme.” Ja, der ho ligg midt i Vågåmo sentrum, er ho verkeleg eit synleg teikn på tru, von og kjærleik i bygda. Ho er “livets hus i dødens hage”, som eg kallar kyrkje og kyrkjegard. Det gode rommet i Vågå for folket her gjennom 400 år. Og ja, vi veit det har vore kyrkjehus her endå lengre attende i tid. Det er ikkje vanskeleg å merke byrgskapen som folket her har for kyrkja si. Det er ei oppleving å gå inn i det vakre kyrkjerommet – som bind saman fortid, notid og framtid i ein kosmisk dimensjon. Her vert livsforteljingane våre knytt saman med forteljinga om Jesus Kristus – evangeliet gjev høve til livstolkning og livsmeistring for menneska som lever sine vanlege liv her – til trøyst, von og glede.


“Meir himmel på jorda” er visjonen til Den norske kyrkja. Gjennom nådemidla ord og sakrament, gjennom gudstenester og kyrkjelege handlingar, undervisning, ulike typar fellesskap og rike kulturopplevingar, vert dette skapt i lokalsamfunnet. Ikkje minst er ein velstelt kyrkjegard viktig. I denne visitasen har vi fått tematisert mange sider ved kyrkja sitt virke, men òg sett vagværane si livsverd frå fleire perspektiv. Ikkje minst har krafta i frivilligheita vore heilt sentral. Det har verkeleg vore ei berikande oppleving for meg å kome tett på dykk i nokre dagar, og få høyre både om utfordringar og moglegheiter.


Ein visitas skal og bør ha merksemd på alt dette, men hovudføremålet er å støtte, 
inspirere og rettleie. Å medverke til å gjere kyrkja sitt nærvær synleg i lokalsamfunnet. Gjennom eit godt og innhaldsrikt program har vi fått tematisert viktige sider ved kyrkja si rolle og tyding i soknet her. I dette føredraget vil eg først gje ei gjennomgang av kva eg såg og høyrde i dei ulike møtepunkta, før eg vil peike på nokre utviklingsområde som eg gjerne vil utfordre dykk på i det vidare arbeidet med å vere framtidas kyrkje i Vågå.


Del 1 – Oppsummering av visitasdagane

Tysdag


Den fyrste dagen starta nettopp i Vågåkyrkja. Her hadde vi morgonmesse, og 
fungerande sokneprest minna oss om Guds fire døtrer: sanning, fred, rettferd og 
miskunn. Nokre kallar dette dygder, og gode levereglar. Dei spelte ei sentral rolle i kristninga av Noreg gjennom innføringa av Landslova. Dygda er henta frå Salmenes bok, salme 85, og vart brukte som grunnlag og rettesnor for å felle rettferdige dommar – og tente som eit grunnlag for rettferd, fred og medmenneskelegheit i samfunnet. Det gjeld framleis. Folket i Vågå kan bli minna om dette kvar gong dei går inn i kyrkjerommet, gjennom dei fantastiske bileta til Henning eller Eggert Munch på Håkonstadstolen på nordre sidegalleri. Her vert lokal historie, nasjonal historie, rettshistorie og teologi bunde saman. Som sagt, kyrkja er eit smykke.


Soknet har to organ, sokneråd og kyrkjeleg fellesråd. Desse har ei oppgåvefordeling seg imellom, som er teikna ut i Kyrkjeordninga for Den norske kyrkja. Her i Vågå har de eitt råd som fyller begge desse funksjonane. Det gir gode moglegheiter, men det betyr òg at ein må ha ei klar rolleavklaring i når og korleis ein løyser dei ulike oppdraga som sokneråd og fellesråd. I møte med Vågå kyrkjelege råd fekk vi snakka om rådet sitt arbeid og ønskje. Eg opplever eit sterkt ønskje om å sjå framover, og at det er viktig å forvalte den sterke relasjonen som er mellom kyrkje og folk i Vågå med tillit og truskap. Det vart òg trekt fram at det er eit godt samarbeid med Vågå kommune, noko som er gledeleg å høyre, og som på mange måtar vart stadfesta fleire gonger gjennom visitasen.


Etter kvart slutta den kyrkjelege staben seg til møtet. Dei tilsette er tillitsberarar som kvar einaste dag skal leggje til rette for at folket kan bli møtt med kyrkja sitt bodskap og aktivitetar. Vi fekk snakka om utfordringane staben har stått i dei siste åra, mellom anna med stor utskifting. Eg er imponert over at staben har klart å halde fokus på kvaliteten på tenestene for folket. Eg må òg få rose den utarbeidde handlingsplanen for verksemda, og som gjeld frå 2023–2026. No er det mykje der som har blitt ståande på vent, men den dannar eit godt grunnlag for nytt arbeid. Dette kan tilpassast det nye systemet for planarbeidet i kyrkja, og er noko eg vil kome tilbake til. Men utfordringane som bør følgjast opp i komande år, er langt på veg skildra i allereie gjeldande handlingsplan.

I kvar visitas skal det vere eit møte med administrativ og politisk leiing i kommunen. I kommunestyresalen møtte vi Formannskapet og leiarar i kommunen. Ordføraren ønskte velkomen, og uttrykte på ein tydeleg måte den tydinga som kyrkja og kyrkjebygget har i kommunen. Vi snakka om demokratiets stilling, viktigheita av nærleik og engasjement, men òg utfordringar knytt til aukande polarisering og eit hardt ordskifte, mellom anna gjennom sosiale medium. Kommune og kyrkje har eit skjebnefellesskap, med ansvar for alle menneske som bur her. Det er difor viktig med god dialog og formelle strukturar knytt til ulike møtepunkt, ikkje minst i budsjettprosessar. Eg tematiserte vidare samarbeidet mellom skule og kyrkje. At dette handlar om barn og unge si livskompetanse, og som skuleeigar er det viktig at kommunen er i godt inngrep med korleis vi tenkjer om dette samarbeidet. Vi snakka òg om beredskapsarbeidet, at kyrkja er ein viktig ressurs, og har ei tydeleg rolle i eit 
lokalt arbeid knytt til krise og katastrofar. Her er øving, avtalar og godt samarbeid 
gjort i fredstid heilt sentralt når det røyner på. Det vart eit møte der vi løfta opp mange viktige tema, og det heile var sett i ramma av eit allereie godt relasjonelt samspel.


Så fekk vi vere med på kommunen si offisielle opning av dagsturhytta på 
Kvarbergåsen. Dette har verte eit flott tilbod til både lokalbefolkning og turistar. Målet med ei slik hytte er å stimulere til turglede i trygge rammer. Sagt på ein annan måte er dette eit fellesskapsprosjekt, både i sjølve utviklinga av hytta, men òg ved at det er noko som skal stå ope for alle, og som brukarane sjølve har eit ansvar for å halde i stand.


Vi drog så ned til Vågåmo og til kaffibesøk på “Huset”. Denne staden er eit dagtilbod for menneske med psykisk uhelse, og vi fekk ein god time der vi snakka laust og fast om livet og kvardagen. Denne staden opplevast som svært viktig for brukarane, og eit tilbod som gir tilhøyrsle og hindrar utanforskap.


På kommunehuset fekk eg møte Vågå Prestegardsforeining, som snart har vore ein misjonsforeining i 100 år. I dag har dei ei kopling til Det norske misjonsselskap og Sjømannskyrkja. Vi fekk mellom anna høyre om ein av bautaene for misjon, Ragnhild Gården, og alt det som skjedde rundt henne med basar og andre aktivitetar. No møtast foreininga ca. ein gong i månaden, og dei samlast for å be for ulike land og for å lage tiltak som samlar inn pengar til misjonsprosjekt. Vi snakka litt om vegen vidare for misjon i kyrkjelyden, og kva som er moglegheita no.


På Vågå hotell vart det arrangert middag for frivillige i regi av kommunen. Godt over 100 menneske var til stades, og det var ikkje dei einaste frivillige i Vågå. Det er ein sterk samanheng mellom lukke og det å arbeide som frivillig, viser forsking. Denne middagen viste i klartekst det store engasjementet som finst her i kommunen, og vi veit jo òg at kyrkja er ein stor frivilligaktør. Skal vi løyse dei store oppgåvene i samfunnet no, så trengst det fleire hender, og vi må difor ha ei god strategisk tenking rundt korleis vi arbeider vidare med frivilligheit. Det må vi gjere innad i kyrkja, men òg i samarbeid med andre aktørar rundt oss. Det vart ei inspirerande avslutning på visitasens fyrste dag.


Onsdag


Dag 2 starta på Lalm, og vi hadde fyrste møtepunkt på Lalm samfunnshus. Dette vart skildra som hjartet i lokalsamfunnet, og huset har hatt mange funksjonar opp 
gjennom åra. Mellom anna har det vore dans og bingo, og Lalm musikkforeining har øvingane sine her. Det har tidlegare vore forsøk på å få oppretta eit kapell på Lalm, men dette er no lagt på is. Samfunnshuset har difor òg vore staden der ein kan halde gudstenester, noko som har blitt gjort på Palmesøndag. Vi snakka om moglegheiter for kyrkjeleg nærvær her, og vi fekk òg ei omvising rundt i dette imponerande bygget.


På Handverkshagen fekk vi sjå kulturarv i praksis. Dette er ein næringspark, der fleire handverkarar finn fellesskap, og samstundes får høve til å ta vare på sitt fagområde. Det var særleg inspirerande å høyre om den systematikken og tenkinga som ligg bak det å halde dei klassiske faga som bunadstilverking, handveving, glasverkkunst og rammeverk i hevd – ikkje minst retta mot barn og unge. Dette har verte eit senter som tek vare på viktig norsk historie, men òg fagområde som vi er heilt avhengige av å kunne vidareføre, særleg med tanke på vedlikehald og restaurering av kyrkjebygg. I tillegg er dette ein stad for arbeid med folkehelse, sidan deltakarane får eit sosialt fellesskap og høve til gode samtalar.


Lalm heldt fram med å imponere på idrettsplassen. Frivilligheit og dugnadsånd er 
verkeleg ei kraft i lokalsamfunnet her – ja, i heile kommunen. Her er det anlegg som husar minst 15 idrettar, og det meste er gratis for brukarane. Ungdommen er drivkrafta, som står for visjonar og planar for utviklinga. Vi fekk sjå litt av anlegget, og høyre om korleis dei tenkjer rundt det “å byggje på friske tankar, stort pågangsmot og god dugnadsånd”.


Vi køyrde deretter nedover den flotte Sjårdalen på veg til Vågåheimen. På 
sjukeheimsinstitusjonen fekk vi sjå det relativt nye seremonirommet, som har blitt 
brukt til nokre få gravferder, men først og fremst som samlingsstad før utbering til gravferdene i kyrkja. Vi hadde songstund med “Songfuglane” og andakt i stova, og det er fint å høyre at det er god frekvens på kyrkja sitt diakonale arbeid, som blir løyst gjennom både ord og tonar. Besøket vart avslutta med omvising rundt bygget, og vi fekk sjå dei flotte hagane som er utvikla for bebuarane. Her viser frivilligheita igjen si utrulege verdi – denne gongen gjennom demensforeininga og hagegruppa.


Hausten er oppstarten for konfirmasjonstida for mange unge menneske i 
bispedømet. Eg fekk delta på det første treffet, og vi gjekk ei vandring nedover vegen mot Jutulheimen, via Jutulporten før vi hadde ein rasteplass på Ullinsvin. Derfrå gjekk vi så til Vågåkyrkja, der konfirmantane fekk omvising og informasjon om det vidare løpet. Det var flott å vere med på oppstarten, og eg vil ønskje både konfirmantar, familiane deira og kyrkjelyden lukke til med resten av konfirmasjonstida.


Kvelden vart avslutta med konsert i Vågåkyrkja i samband med Vågå kyrkje 400 år. Her fekk vi servert vakker song og musikk, ein liten “teaser” om den komande 
jubileumsboka om kyrkja, og det var helsingar. Ikkje minst var det urframføring av 
den nye songen om Vågåkyrkja. Ein flott kveld!


Torsdag


På Vågå barneskule vart det spørjetime med biskopen i 6. trinn. Eg møtte ivrige barn som hadde førebudd seg godt, og eg fekk spørsmål om alt frå kva som er mine favorittar innan ulike tema, til kva ein biskop er, og til meir krevjande utfordringar rundt krigen i Gaza.


Frå barneskulen gjekk turen til Søre Grindstugu barnehage. Eg fekk helse på barna, og sidan dei spontant sette i gang med “Ja, vi elsker”, vart det ei anledning til å ha ei lita songstund.


I Vågå kommune har eg opplevd kva slags kraft som finst i lokalsamfunnet, og no 
skulle dette bli heilt konkret. For i elva Tessa finst det vasskraftverk. Og kraftverket 
har eg høyrt vortet skildra som “Vågås diamant”. Gjennom ein veldig godt organisert rundtur av Eidefoss og kommunen, fekk eg sjå både demninga, og besøke Smådøla og Nedre Tessa kraftstasjonar. Gledeleg var det òg at dette gav ei anledning til å sjå vakker fjellnatur, og til og med ein liten svipptur innom Lom! Det er imponerande kva slags anlegg som ligg her, og det vart ein interessant samtale om behov for energi, og dei omkostningane menneske sine behov og livsstil kan ha på naturen rundt oss. Eg vil gjerne takke for denne flotte opplevinga og lærerike turen.


Siste stoppestad vart på Sandbu, ein stad med røter langt tilbake i mellomalderen. Først var vi innom kapellet, som i dag blir brukt til både dåp og vigsler, og 
gudstenester på Olsok. Det var òg spennande å få kikke inn i dei fantastiske tuna og bygningane på garden. Så stor takk for å ha opna desse dørene for oss.


Del 2 – Betraktningar og utfordringar


Etter å ha opplevd tre fulle dagar i Vågå er eg fylt opp av inntrykk. Det er ingen tvil om at det skjer mykje i soknet. Eg har fått oppleve engasjerte folkevalde, frivillige og tilsette som ønskjer å gjere det beste for innbyggjarane i Vågå. Gjennom samtalar, møtepunkt og observasjonar har eg gjort meg nokre tankar om kva som kunne vere fornuftig og spennande å sjå på framover. Mitt innsteg har heile tida vore å nettopp sjå framover og ruste oss for det vi veit kjem. Men det er òg viktig å vere robust i møte med det vi ikkje veit kjem. Eg har landa på å gi dykk seks utfordringar å arbeide vidare med. Fleire av dei kan sjåast i samanheng.


I. Gudstenester og kyrkjelege handlingar

Vågåkyrkja er “det gode rommet” i bygda. Her blir dei store livshendingane markerte. I den førehandsinnsendte rapporten la eg merke til eit veldig flott avsnitt. Her står det: 


“Kyrkja skal vere ein god møtestad der alle er velkomne, i alle livsfasar. 
Vågåkyrkja skal framstå som ein god møteplass for alle i glede og i sorg. Det 
er det både dei tilsette og Vågå sokneråd jobbar fram imot.”


Dette er ei folkekyrkjeleg visjon, og noko eg som biskop òg har vore oppteken av. For det handlar om å vere ei livsløpskyrkje, som er med på å reise ein himmel over folks liv. Eg har kalla det “å gjere det grunnleggjande godt”. Jobbe godt med gudstenester og kyrkjelege handlingar, for det er her vi møter både breidda og djupna. I handlingsplanen til Vågå kyrkjelege råd 2023–2026 står det at gudstenestelivet skal vere “med god balanse mellom tradisjon og fornying”. Her blir årshjul nemnt som eit viktig arbeidsverktøy, noko eg òg støttar. I arbeidet med gode årshjul handlar det òg om å evaluere det ein gjer, og sjå om ein skal avslutte noko eller prøve noko nytt. Her vil det vere naturleg å sjå på kyrkja sitt nærvær på til dømes Lalm, utemesser og i Sandbu kapell. Vi har òg møtt den store frivilligheita som finst her i kommunen, og det er mange engasjerte menneske i ulike lag og foreiningar og ved Frivilligsentralen. Eit arbeid med årshjul gir difor ei anledning til å sjå nærare på korleis kyrkja kan inkludere dette i sitt gudstenesteliv. Folk kjem til kyrkja når det rører ved livet heilt konkret. De har eigentleg gitt dykk sjølve denne utfordringa i handlingsplanen, og eg vil følgje opp med å utfordre attende:


1) Gjer ein gjennomgang av årshjulet for gudstenester i soknet. Sjå til 
ulike samarbeidspartnarar med blikk på barn og unge, kyrkjemusikk og 
diakoni.


II. Omsorg og solidaritet


Kyrkja er fellesskapet samla rundt ord og sakrament, og spreidd ut i lokalsamfunnet med kjærleikens gjerningar. Diakoni er omgrepet vi brukar på kyrkja si omsorgsteneste – evangeliet i praksis. Vi må tenkje stort om dette arbeidet, for sjølv om det ikkje arbeider ein diakon her i Vågå, så vert det gjort diakonalt arbeid likevel. Vi har sett dette uttrykt gjennom visitasen, mellom anna ved tilstadeverelse på Vågåheimen. Presten involverer seg i andre folkehelseprosjekt i kommunen, slik som på Huset. Og ikkje minst – tenk på alt det omfattande sorgarbeidet kyrkja gjer kvar einaste veke. Også samarbeid med kommunens beredskapsarbeid er ein del av kyrkja sitt diakonale bidrag.

Ein av dimensjonane ved kyrkja si diakoni er kamp for rettferd. Det er eit perspektiv som strekkjer seg utover våre eigne grenser. Dette kan gjerast gjennom deltaking i Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon, ved innsamla offer eller gjennom misjonsavtalar. Ein slik misjonsavtale gir ei god moglegheit til å inkludere det internasjonale perspektivet inn i både kyrkjeleg undervisning, gudstenesteliv og arbeid i eigne misjonsforeiningar, slik som Prestegardsforeininga. Den siste misjonsavtalen i Vågå sokn med Det norske misjonsselskap gjekk ut i 2023, og eg vil difor utfordre til at:


2) Vågå kyrkjelege råd fornyar eller inngår ein ny misjonsavtale.


III. Barn og unge


Eg har som biskop eit særleg engasjement for kyrkjeleg undervisning og læring. Vi står no i ei endring i kyrkja, med overgang frå trusopplæringsarbeidet til å tenkje 
større og vidare rundt dette. Eit viktig element her er samarbeid mellom skule/barnehage og kyrkje. Eg meiner at kyrkja har mykje å bidra med inn i skulen 
sine læreplanar, og det kan gå lenger enn berre knytt til sjølve religionsfaget. Ja, 
kanskje til og med matematikken kan ha glede av eit besøk i kyrkja. Det viktige er 
uansett at samarbeidet skal skje på skulen sine premissar, og det krev difor gode 
rammer og avklaringar. I samband med Vågåkyrkja sitt 400-årsjubileum tenkjer eg det òg finst nokre spennande berøringspunkt, då dette bygget både innbyr til 
refleksjonar rundt historie, religion og byggjekunst. Eg vil difor utfordre til at de:


3) Samarbeider med kommune, skule og barnehage om kva fagleg 
innsteg ein har for samarbeid, og kva arbeidsmetodar det er mogleg å 
bruke – og formaliserer samarbeidet i ein eigen avtale.


IV. Kyrkja i lokalsamfunnet


Det er god relasjon mellom kommune og kyrkje i Vågå. Vårt møtepunkt viste at det er eit felles engasjement for at Vågå skal vere ein god stad å bu. For å sikre vidare den gode relasjonen utfordrar eg til at:


4) Vågå kommune og Vågå kyrkjelege råd formaliserer møtepunkt for 
kyrkja si deltaking i kommunens budsjettprosessar, med minimum eitt 
møte om våren og eitt om hausten.


V. Beredskap


I forordet til heftet Kirkens beredskapssystem står det:


“Som ein grunnleggjande og landsdekkande institusjon i samfunnet har Den 
norske kyrkja ei viktig rolle i beredskapen. Både i det daglege, som 
førebygging og ved ulukker, katastrofar og krig. Den norske kyrkja vil ivareta 
sitt samfunnsoppdrag som landsdekkande folkekyrkje for alle uavhengig av 
tru, medlemskap og tilhøyrsle.”


Vi ser det igjen og igjen at kyrkja har ein heilt sentral plass i eit lokalt 
beredskapsarbeid. Det handlar mellom anna om deltaking i kommunens 
psykososiale kriseteam, opne kyrkjer og deltaking med samtalar, nærvær og 
pårørandehandtering. Det er viktig å planleggje og øve i fredstid, og eg vil utfordre til at stab og råd:


5) Held eit møtepunkt med Vågå kommune for å samsnakke om kyrkja 
sitt bidrag i kriser og katastrofar som skjer i kommunen. Dette kan gjerne 
nedfellast i ein avtale.


VI. Medarbeidarskap og organisering


De har som nemnt ein veldig god handlingsplan her i kyrkja. I den vert det stilt opp klare mål for kva ein ønskjer å oppnå, og konkrete tiltak for korleis ein skal nå dit. For å kunne nå alle måla, må ein i vår tid i større og større grad ha eit tverrfagleg innsteg til det ein gjer. Vi har mange sektorovergripande utfordringar i kyrkja, og vi må jobbe tett saman på tvers av fagkompetanse for å løyse desse. Ei gudsteneste er til dømes både teologi, kyrkjemusikk, diakoni og undervisning. Dette er grunntanken òg i det nye verktøyet Kyrkja vår – samla plan for arbeidet i sokna. Dette er både eit digitalt verktøy og ein strategisk prosess. Vi skal framover ikkje ha mange ulike planar – for erfaringa frå fleire stader er at desse planane av og til ikkje har snakka heilt saman, og vi veit det kan ha vore uoversiktleg, særleg for sokneråda. No skal vi framover ha ein samla plan for det totale aktivitetsnivået. Det utfordrar oss i tenkinga rundt fag og ansvar.


Her i Vågå, sidan dykk har eitt råd som fyller både sokne- og fellesrådsfunksjonar, 
utfordrar det noko av måten dykk arbeider på i rådet. Tydinga av det skiljet må vere klart, òg i sjølve gjennomføringa av rådsmøta, og fordelinga av tid og saker. 
Soknerådet – det vil seie soknepresten og dei folkevalde – har verksemdsansvar i 
kyrkjelyden, og ansvar for planar og innhald. De skal snart i gang med ein ny 
planperiode, og difor ligg alt til rette for å jobbe vidare med dette. Mi siste utfordring er difor at de:


6) Tek i bruk verktøyet og den strategiske metoden i «Kyrkja vår – samla 
plan for arbeidet i soknet» i kyrkjeleg råd og stab. Start gjerne konkret 
med å leggje inn tiltaka frå diakoniplanen i verktøyet.


Avslutning


Eg vil til sist takke.


Takk til alle som har planlagt visitasprogrammet. Takk for alle innsendte rapportar. 
Takk for gudstenester, samtalar, handtrykk og møte. Takk for alle forteljingane som har vorte delte med meg. Det har gjort stort inntrykk.


Eg ønskjer all lukke til med det vidare arbeidet i soknet i Vågå.


Må Gud velsigne Vågå sokn!
Må Gud velsigne Vågå kommune!


Ole Kristian Bonden
Biskop i Hamar

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"