På frigjerings- og veterandagen var det gudsteneste i Akershus slottskirke, der preses Olav Fykse Tveit hadde preike.
Akershus slottskirke er Forsvarets hovudkyrkje, og gudstenesta var ein del av det offisielle programmet frå regjeringa i Oslo.
Les heile preika her.
Preike: Då freden kom
Då freden kom.
Dette var ein setning eg ofte høyrde i min heim.
8. mai var for mi mor det store skiljet i livet. Den dagen endra alt. Det var som ein ny fødsel, ei ny tidsrekning. Det var som om ho omtalte sin beste ven som kom på besøk, for å bli der for resten av livet: Då freden kom.
Bakteppet var forteljingane ho ofte delte frå ei ung kvinnes oppleving av kor mørkt det var under krigen, bokstaveleg tala og i overført tyding. Som sjukepleie-elev frå Hardanger gjekk ho og var redd i dei mørklagte gatene i Oslo. Alle vindauga i heimane var mørke på grunn av dei påbudte blendingsgardinene. Dessutan tok det rettslause samfunnet bort tryggleiken og skapte mistillit mellom folk. Eit mørkt teppe låg over alt.
Kanskje difor var det spesielle teiknet som fekk ho til å tru at krigen var over, så sterkt. Ryktene gjekk, men det var først då ho såg at det var bål ute på gatene om kvelden den 7. mai at ho var sikker. Folk brant dei forhatte blendingsgardinene sine. Det var tid for å møtast ope, trygt og fritt i den lyse maikvelden.
Slike forteljingar er del av barnelærdomen for generasjonen fødd etter krigen. Dei har ein ressonansbotn i den berømte teksten med saligprisningane som vi nettopp har høyrt. I møte med dagens realitetar har desse orda noko viktig å seie oss på ein frigjeringsdag.
-
Salige er dei som hungrar og tørstar etter rettferd.
Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born.
-
Fred er det første og største ordet. Utan fred er det som om lyset i livet manglar. Det er føresetnaden for eit liv prega av tillit og trygge rammer, som igjen kan gi rom for alle slik eiin er. Det store ordet «fred» i Bibelen ber i seg alt det som ligg i dei opphavlege orda «shalom» eller «sa’alam». Det er nok berre den som har opplevd å leve under krigens vilkår, som forstår dette fullt ut.
Fred og rettferd heng saman. Dei kjem som to vener, og saman med dei kjem andre vener, så som gjensidig tiillit til kvarandre, rettssamfunn, demokrati, tryggleik, helsevesen, skule og utdanning for alle, trusfridom, ytringsfridom, stabil økonomi, rettferdig fordeling av goder og mykje meir.
Freden er kostbar. Mange hadde betalt ein svært høg pris for han for 80 år siden.
Mange har stått i front og arbeidd og kjempa for freden rundt omkring i verda i tida deretter.
Vi heidrar dei alle i dag.
I dag vert vi minna om at det er ikkje sjølvsagt at freden og venene hans er her. Alle, eit heilt samfunn, må stille opp og yte sin ekstra innsats for at freden skal vinnast og vernast. Freden må verte skapt, kvar dag. Han kjem ikkje av seg sjølv.
Salige er dei som skaper fred.
-
Det andre eg vil peike på er dei heilt spesielle uttrykka i Jesu ord i saligprisningane. Det er tale om ei haldning som fører til handling. Å tørste etter rettferda, å skape fred. Det er meir enn ei å ha ei meining om noko. Det er også meir enn å ha ein draum. Det er i haldningar vi viser kva vi står for – i relasjon til dei grunnleggjande spørsmåla i livet. Dei syner seg i dei relasjonane vi står i, som einskildpersonar, men også som samfunn, som nasjon. Haldningar viser seg i forutseielege ord, handlingar og livsmønster.
Desse grunnleggjande haldningane får sin heilt spesielle omtale i Bergpreika. Salig. Sæl. «Happy», har nokon prøvd seg med i moderne omsetjingar. Men det stikk nok djupare enn det. Det er ein tilstand som kan opplevast her og no, men som også nettopp ikkje er berre det. For det er tale om ei haldning som peikar utover det ein opplever, ja, stundom som motkraft til det ein ser og kjenner.
Orda peikar inn i framtida. Ja, til og med ut over tida. Det er ikkje som ein verdensflukt, men som motivasjon til å tru. Til å ha trua på at endring til noko betre er mulig.
Dette «salig» er eit guddommeleg uttrykk på noko djupt menneskeleg: Ønsket om fred, og viljen til å skape den, ja, handlingane for å skape den. Lengten, tørsten etter rettferd - og difor det ein gjer for å møte denne tørsten, er også gitt av Gud.
Det sant menneskelege og det guddomlege møtest i desse orda. Dei viser oss vårt ansvar som menneske, og Guds lovnad om at det ikkje skal vere fånyttes å ta dette ansvaret. Det skjer når det sant menneskelege, forstått som det som er det beste i oss, det beste for andre, det sant humane, får plass og set standardar for våre handlingar.
Det sant menneskelege, humane, er gitt oss i Jesus og hans eige liv og eksempel. Det innebar både liv og død for det han var kalt til å gjere.
Dette er ikkje ein forherligelse av offer eller martyrium i seg sjølv. Men det er ei erkjenning og ei anerkjenning av at det kan vere nødvendig med den store, ja, den største omkostningen, for å oppnå det aller beste: Fred og rettferd.
I dag er det tid for ei anerkjenning av dei som har ofra så mykje for det.
-
Vår foreldregenerasjon venta i over fem år på å sjå at det kunne bli fred. Likevel var det mange som trudde både på fred og rettferd, og som handla deretter. Nokon viste det i særdeles krevande og farlege oppdrag. Dei mange måtte stå i tålmodig innsats i det daglege slitet for fellesskapet, med håpet som drivkraft.
-
Fred og rettferd høyrer saman. Det er ikkje mindre viktig å halde fram også i fredstid.
Freden kom den gongen. Men det var ikkje alle som opplevde den rettferdig. Dei jødiske medborgarar som overlevde folkemordet, kom tilbake og deira kjære var borte. Men også deira heimar og eigedomar. Antisemittismen vart ikkje borte med holocaust.
Nokon fekk ikkje den heider dei skulle hatt. Mange kvinner i motstandskampen vart ikkje løfta fram. Det gjekk mange tiår før dei samiske grenselosane i Tysfjord fekk sin heider.
Nokre barn fekk bere skuld og skam for foreldras feil.
-
I dag er det mange, alt for mange, og mange fleire enn på lenge, som opplever at mange håp om fred og rettferd vert brotne sund av nye bomber, nye ruinar, nye kriser.
Ein kan undrast korleis dei held ut. Og kanskje gjer dei ikkje det. Kanskje gjer dei det, trass i alt, det er ikkje andre alternativ.
«Det er ikkje Gud vi har mista trua på, men menneska, på menneskeheita», sa ein palestinsk prest, då han fortalte om kva deira folk no opplever på Gaza. Det kan vere han talar for mange, på alle sider av konfliktar og krigar. Det handlar om menneske. Både som ansvar og som felles verdi.
-
Salige er dei som skaper fred. Salige er dei som hungrar og tørstar etter rettferd.
Dei gir mot til andre.
Vi kan alle gi kvarandre mot til å ha trua på både fred og rettferd. Det trengst som før, ja, meir enn på lenge.
For å ta fram att biletet frå mi mors oppleving av 8. mai: Vi treng at meir av det som skil oss menneske og skaper mørke blant oss blir lagt på bålet. Vi treng å legge god og solid ved på båla som kan gi oss alle lys og varme.
Det er mykje som kan styrke vårt håp.
Det takkar vi for på denne dagen.
Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage Ande, som var, er og vere skal, ein sann Gud frå æve og til æve. Amen