Torstein Tveiten Holten er ny sjef for Forsvarets tros- og livssynskorps (FTLK).
På Akershus slottskirke ble han onsdag innsatt i tjenesten. Preses Olav Fykse Tveit, som har tilsynsansvar for prester i Forsvaret, og holdt tale til Holten:
– Dette er en oppgave med et stort og viktig ansvar. Du er med dette vist stor tillit fra Forsvaret.
Fykse Tveit fremhevet Holten sin erfaring og kompetanse:
– Du er svært kompetent til dette oppdraget. Du har 30 års tjeneste som prest i Forsvaret bak deg. Du har en solid spesialutdanning i pastoralklinisk arbeid med vekt på å føre samtaler med mennesker i alle slags livssituasjoner. Du er attpåtil autorisert veileder for andre i dette fagfeltet. Du er en god og reflektert teolog og stor kjennskap til Forsvaret.
Les heile Innsetjingstalen til Fykse Tveit her
Vi er samla her i Akershus slottskyrkje til den årlege julegudstenesta, Kirkeparaden, som de så flott kallar det. Det er ein sterk og vakker tradisjon, i denne historiske og heilt spesielle kyrkja. Det er ei ære og glede for meg å vere med på dette i år, som biskop med ansvar for det kyrkjelege tilsynet med dei som gjer presteteneste for Den norske kyrkja i Forsvaret.
I dag er det også ei heilt spesiell glede å markere at du, Torstein Holten, har fått og tatt på seg oppgåva som
Sjef for Forsvarets tros- og livssynskorps.
Dette er ei oppgåve med eit stort og viktig ansvar. Du er med det vist stor tillit frå Forsvaret.
På vegner av Den norske kyrkja ønskjer eg deg hjarteleg til lukke med dette, og gratulerer korpset og Forsvaret.
Det er mange gode grunnar til glede og forventning til di teneste i denne rolla. Du har ansvar for å leie og utvikle eit korps som eg veit er av stor betydning for dei som gjer teneste i Forsvaret, enten det er offiserar, tilsette, eller vernepliktige soldatar. Eg har til gode å møte ein leiar i forsvaret som ikkje vil nytte høvet når dei ser meg til å seie akkurat det. Ja, ofte høyrer eg endå sterkare ord: Det er ei heilt nødvendig teneste i Forsvaret. Eg trur det er heilt sant. Vi levere i ei tid der det synest å verte stadig meir sant.
Så får eg vite at vi må sørge for at vi kan levere dyktig prestar frå vår kyrkje til dette oppdraget. Eg veit at vi svarar godt på den utfordringa.
Kjære Torstein. Du er svært kompetent til dette oppdraget, og vi er stolte av at du har fått denne jobben. Du har 30 års teneste som prest i Forsvaret bak deg. Du har ei solid spesialutdanning i pastoralklinisk arbeid med vekt på å føre samtalar med menneske i alle slags livssituasjoner. Du er attpå til autorisert veileder for andre i dette fagfeltet. Du er ein god og reflektert teolog. Du har stor kjennskap til Forsvaret, og ikkje minst kor viktig det ar at Forsvaret har tillit i det norske samfunnet og at dei som gjer teneste der, vert tatt godt vare på med dei mange og krevjande oppgåver ein har. Eg har lært deg å kjenne som ein triveleg og sprek kar. Begge deler er viktig i oppgåver som dette.
Du forstår godt den rolla dette korpset har i å vise at Forsvaret er ein del av det livssynsopne samfunnet i Noreg. Du er ein tydeleg og inkluderande leiar, slik du viste det når du inviterte til samtale med leiarane for alle trus- og livssynsamfunn som leverer folk til dette korpset. Du er svært godt rusta til å lede og inspirere og veilede kollegaer i heile korpset, uansett kva for trus- og livssynssamfunn dei representerer der.
Du sjølv – som alle andre - er her med mandat frå eit trussamfunn. Du har det - som vi har høyrt – frå Den norske kyrkja. Dette er di presteteneste. Kva det er å vere prest, kjem ikkje minst tydeleg fram på denne tida av året med samlingar som dei vi har i dag.
I denne adventstida – og særleg på vår nordlege halvkule der dette er ei mørketid - blir vi også minna på kor viktig lyset er. Det markerer vi – og andre religionar – både i nord og i sør. Vi gjer det også saman med våre jødiske søsken, som opplevde å bli angrepe av ein grusom terrorhandling nettopp i denne feiringa i Sydney.
Det gjer det endå viktigare at vi løftar fram kva lyset som symbol er, og kvifor lyset er eit så vesentleg bilete på kva det er å vere prest.
I ein av dei sterke poetiske tekstane i Bibelen heiter det i Lukasevangeliet kapittel 1, rett før det vi kallar juleevangeliet:
«Så skal lyset frå det høge gjesta oss som ein soloppgang, og skina for dei som bur i mørker og dødens skugge, og styra våre føter inn på fredens vei.» Luk 1, 78-79.
Stort vakrare kan det vel ikkje seiast.
Du skal fylle desse orda med liv, med timar og dagar i møte med menneske som treng det. Nokon treng hjelp til å løfte blikket, nokon treng hjelp til å trekke frå gardinene når morgonen og soloppgangen kjem, nokon treng hjelp til å leve i mørke og dødens skugge når dei må vere der. Det er ei oppgåve du kan og vil utføre som den presten du er.
Difor markerer vi dette også på kyrkjeleg vis med kallsbrev frå Den norske kyrkja, og ei spesiell forbøn for deg.




