– Vi veit lite om kva det vil seie å vere trans og kva «trygge rom» faktisk inneber. Difor er det bra at vi no får denne rapporten, som viser nokre erfaringar frå ulike transpersonar, og drøftar korleis kyrkja kan vere og gjere meir for transpersonar.
Det seier preses Olav Fykse Tveit, etter at rapporten Trans: Synlig og usynlig. vart presentert for Bispemøtet måndag 13. oktober. Den handlar om transpersonar og «trygge rom» i Den norske kyrkja.
Prest Vibeke Bergsjø Aas fekk i 2024 Olavstipendet for å gjere ein kvalitativ studie om transpersonar sine erfaringar med Den norske kyrkja.
Gjennom intervju med sju transpersonar med kyrkjeleg tilknyting, undersøker ho kva som skapar tryggleik og utryggleik i kyrkjelege fellesskap.
– Arbeidet med å skape trygge rom startar på eit heilt grunnleggjande nivå. Det startar med kunnskap, med dialog og med å lytte til kvarandre. Og nokre gonger må ein gå ein ganske kronglete veg saman, seier Bergsjø Aas.
Les heile rapporten "Synlig og Usynlig" her.
Tydelegheit skaper trygge rom
Bergsjø Aas har gjennomført ein kvalitativ studie, med sju transpersonar i alderen 30–80 år.
Rapporten viser at transpersonar i utgangspunktet erfarer kyrkja som eit utrygt rom.
Samtidig kan det å vere tydeleg – i språk, symbolbruk og haldningar – vere avgjerande for å skape tryggleik. Enkeltpersonar som prestar, diakonar og soknerådsmedlemmer spelar også ei nøkkelrolle i å skape inkluderande fellesskap.
– Eg har alltid teke det som ei sjølvfølge at alle er velkomne i Guds hus, men eg har aldri kjent på kroppen korleis det er å vere del av ein marginalisert og mistenkjeleggjort minoritet. Det er ein ganske forferdeleg tanke at mange faktisk lurer på om dei er velkomne her, fortel Bergsjø Aas.
Peikar på konkrete tiltak
I rapporten kjem Bergsjø Aas med konkrete oppmodingar til leiinga i Den norske kyrkja, tilsette, kyrkjelydar og enkeltpersonar om korleis ein kan arbeide for å skape trygge rom lokalt.
Det handlar mellom anna om teologisk arbeid, kommunikasjon, forkynning, bruk av regnbogesymbol og å vise respekt.
På vegne av Bispemøtet, takka preses Olav Fykse Tveit for rapporten.
– Den blir ein del av biskopane sin vidare samtale om korleis kyrkja kan vere ein stad for skeive.
Rapporten vart presentert på Olavstipendseminaret, på Kirkens hus måndag 13. oktober 2025. Det var respons frå Jane-Victorius Gipling Bonsaksen Quam (teologistudent og nyleg avgått leiar i Skeiv Ungdom), Frank Rossavik (kommentator i Aftenposten), Halvor Moxnes (professor i teologi) og Kari Alvsvåg (biskop i Borg).
Sjå fleire bilete frå Olavstipendseminaret her




