– I ord, tal og bilete teiknar det seg eit bilete av ei kyrkje full av liv i Den norske kyrkja i 2024.
Det slår kyrkjerådsleiar Harald Hegstad og kyrkjerådsdirektør Ole Edvard Wold-Reitan fast i forordet til Den norske kyrkja sin årsrapport for 2024.
I fjor var det i snitt fleire på gudstenestene, det var endå eit år med ny rekord i deltakarar babysong – og talet på konsertar er på same nivå som før koronapandemien. Gjennom vekedagane kan både einslege og familiar kan utfalde seg – og mange finn vegen når kyrkja opnar dørene.
Les også: Flere kommer i kirken på hverdagen.
Kyrkja har ei viktig rolle
– Mange opplever verda som ein uroleg stad. Sjølv om menneska lengtar etter fred og framtidstru, er det krig, konfliktar, proteksjonisme og opprusting som rår i det internasjonale verdsbiletet.
Krigens brutalitetar med drap av sivile og brot på folkeretten medverkar også til å skape splid og polarisering i vårt eige land, meiner Hegstad og Wold Reitan:
– Her har vi som kyrkje ei viktig rolle i å inkludere, motverke utanforskap og fremje forsoning – heilt konkret i det daglege. Som ei landsdekkjande folkekyrkje er vi til stades i heile landet – med folk, bygg og aktiviteta
Årsrapporten er utforma på bakgrunn av tal og historier frå dei elleve bispedøma, tilgjengelege
rapportar, analysar og statistikk. Den vart godkjend av Kyrkjerådet 23. mai (sak KR 51/25).