– Ein vesentleg del av Den norske kyrkja sitt klimafotavtrykk stammar frå drift av bygg, seier Harald Hegstad, leiar i Kyrkjerådet.
Med midlar frå klimakompensasjonsfondet i kyrkja, er målet å støtte prosjekt som kan redusere energiforbruket og klimagassutslepp frå bygg.
Det er andre gong ein lyser ut midlar frå fondet, og det er planlagt fleire dei komande åra. Ordninga er open for søknader frå heile kyrkje-Noreg, og alle prosjekt som bidreg til klimaomstilling vil bli vurdert innanfor dei gjevne rammene.
Kyrkjerådsleiar Harald Hegstad håpar å få gode søknader som kan bidra til utsleppsreduksjon.
– Det er eit stort engasjement for å ta vare på skaparverket i Kyrkja. Vi håpar på gode søknader som klimakompensasjonsfondet kan støtte, slik at utsleppa frå bygg går ned.
Pengane i klimakompensasjonsfondet stammar frå innbetalt kompensasjon for utslepp frå reiseverksemd i den folkevalde organ og administrasjon på regionalt og nasjonalt nivå, som overstig eit viss nivå.
