– Krig er alltid ille. Men det mest farlege av alt er når nokon prøver å gjere krig til «ein heilag krig». Då vert det ikkje lenger grenser for kva som er lov, når det ein gjer vert påstått å vere gjort «i Guds namn», sa preses Olav Fykse Tveit under opninga av Kyrkjemøtet. Han er den leiande biskopen i kyrkja.
I si tale på kyrkjas øvste organ hegna han om folkeretten og forklarte at vår kristne tru er ein av fleire sterke grunnar til å stå opp for menneskerettar og arbeid for korleis dei kan sikrast.
Les heile tala frå preses Olav Fykse Tveit her:
Kjære statsekretær, gjester og medlemmer av Kyrkjemøtet!
Velkomne til Nidaros, og til Kyrkjemøte 2026! Velkomne til å arbeide og be saman, og dei neste dagane saman setje vidare kurs for Den norske kyrkja.
Vi er ikkje berre i Trondheim, vi er ikkje berre Den norske kyrkja. Vi er ein del av verda, og høyrer til i den verdsvide kyrkja.
Jesus seier: «Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born.» (Matt 5,9)
Eg vil difor helse Kyrkjemøtet med det: Fred! Shalom! Salaam!
Gud er fredens Gud. Freden er meir enn fråver av krig, meir enn at våpen er lagt ned og konfliktar løyste. Fred er eit vilkår for liv, for gode relasjonar til kvarandre og til naturen.
Fred treng rettferd, at det er ordningar og rammer for livet som sikrar tryggleik for alle. Difor er rettferdig fred eit mål. Men det kan ikkje definerast av eit diktatur eller ei okkupasjonsmakt, som tvingar gjennom ein fred som ikkje eigenleg er fred.
Kyrkja må vere ei kraft for å skape fred og rettferd, lokalt, nasjonalt og globalt. Då må kyrkja også seie nei til å bruke vår tru som grunngjeving eller legitimitet for aggresiv og undertrykkjande krigføring. Verda treng ikkje kyrkja som årsak til ufred.
Gud vil fred, og kyrkja er sett til å arbeide for det. Som Jesus seier: De er ljos og salt i verda (Matteus 5). Likninga i Matteus 25 er ei stadig påminning om at slik vi behandlar våre medmenneske, slik møter vi Jesus Kristus. I Hebrearbrevet høyrer vi om Guds sympati, Guds medkjensle og medliding med denne verda. Dette er ord som går rett inn i vår verd, og vår tid, men også i vår rolle som kyrkje.
Dette vil eg minne oss om når vi har vårt Kyrkjemøte. Den kyrkjelege reformrørsla vart utvikla etter krigen, for å få ei sjølvstendig og ansvarleg kyrkje i eit fritt, fredeleg og demokratisk Noreg. Det gjorde at ein engasjerte også Den norske kyrkja i aktivt økumenisk arbeid og arbeid for fred og rettferd i verda. Det skjedde gjennom Kirkens Nødhjelp, Det Lutherske Verdsforbundet, Kirkenes Verdensråd og fleire andre viktige reiskap for fred og rettferd. «Aldri meir» var ropet. Krig måtte for all del avvergast. Uttrykk som at «krig er synd mot menneske og Gud» vart premissar som har prega heile denne perioden internasjonalt og nasjonalt.
Slik er dette ein del av grunnlaget og mandatet for Kyrkjemøtet.
Kyrkja er kalla til å tene fredens Gud, som institusjon og som eit fellesskap. Det er difor to temaer som vi tydeleg og klart må halde fram:
Først: Kyrkja må stå opp for folkeretten. Det er nødvendig med lover og reglar for å sikre fred, og for å verne om rettferd og menneskeverd når freden vert broten. Difor er det ein lang moraltradisjon som talar om kriteria for «rettferdig krigføring». Det gjeld før ein krig startar, og når det likevel vert krig, under ein krig. Det er eit vesentleg grunnlag for at vi har det som vert kalla internasjonal rett, folkerett.
Vår kristne tru er ein av fleire sterke grunnar til å stå opp for menneskerettar og arbeid for korleis dei kan sikrast. Dette svarar til dei verdiar, det menneskesyn og den fredsvilje som er uttrykt i Bibelen og den kristne trua og etikken.
Difor er det ei oppgåve for kyrkjer i verda å halde dei ansvarlege som bryt med internasjonal rett og krigens folkerett. Katolske biskopar i USA har til dømes tatt sterkt til orde mot den krigføringa deira styresmakter no fører i Midtausten, og vist til at den bryt klart med desse prinsippa.
Det er viktig at dei som skal handheve dette som politikarar faktisk tar ansvar og gjer det. Det skjer når norske styresmakter kritiserer dei som driv krig i strid med folkeretten. Dette treng støtte frå kyrkjer, og frå religiøse fellesskap og andre organisasjonar som vil arbeide for fred og rettferd.
Dette er også vilkåra for norske lover og for det norske forsvarets oppgåver, og det er svært vesentleg å halde denne forpliktinga fram tydeleg for alle som har makt og myndigheit i så måte. Dette er også vilkåra og rammene for at vi t.d. har feltprestar som skal støtte dei som gjer teneste i Forsvaret i førebuinga til og utføringa av deira svært krevjande oppgåver.
Det andre vi må halde fram med, er å protestere mot idear om «heilag krig», og at Gud vert framstilt som ein krigsgud. Det skjer når Gud og Guds namn vert misbrukt til å fremme ein urett eller ei undertrykking, eller til å grunngje terror, krig og vald mot andre.
Krig er alltid ille. Men det mest farlege av alt er når nokon prøver å gjere krig til «ein heilag krig». Då vert det ikkje lenger grenser for kva som er lov, når det ein gjer vert påstått å vere gjort «i Guds namn». Dette ser vi klare tilfelle av i mange land og samanhengar. Det skadar menneskeliv og livsvilkår i store deler av verda. Uansett kven som bryt internasjonal rett og krigens folkerett, og dei universelle menneskerettane, undergrev det like mykje den verdsordninga for fred og rettferd som alle land og alle menneske er avhengige av.
Når kyrkjer og kristne leiarar støttar ein slik tanke om «heilag krig», er det misbruk av Guds namn. Det er vranglære i forhold til vår kristne tru.
Difor må vi halde fram med å arbeide og be for rettferd og fred. Vi er tett på kyrkjer som ber oss tydeleg om det, i Ukraina, i Palestina og Israel, i Sudan, i Libanon og mange stader.
Men også andre religionars leiarar kallar på vår felles innsats saman med alle menneske av god vilje. Vi må stå saman som ei motkraft og motvekt mot krigens galskap og gru.
Gud er der menneske lir og døyr, der livsvilkåra vert angripe, der naturen vert øydelagd. Der skal også vi vere som kyrkje med vårt solidariske arbeid og våre bøner.
I dag ser vi at denne verdsordenen er truga, kanskje meir enn på dei siste 80 åra. Då blir det særleg viktig at vi som kyrkje talar høgt. Då blir det særleg viktig at vi som kyrkje talar den svakare parten si sak.
Men vi må også erkjenne at historia er samansett. Kristen tru har også vorte brukt, og blir brukt, til å halde menneske nede. Der kristendom og makt blir vovne saman, er det ein fare for å misbruke både trua og makta. Vi må tale sant om at vi i dag ser at dette spelar seg ut framfor augo våre.
Vi trur ikkje på ein krigsgud, som fører krig eller leier oss ut i korstog med våpen i hand. Berre freden er heilag. Vårt gudsbilete i Jesus Kristus er av den Gud som har medkjensle og sympati med alle menneske og med alt det skapte.
Difor seier vi: Gud, miskunna deg over alle menneske!
Godt kyrkjemøte!
