Søndag 11. januar vert Imad Haddad vigsla til biskop i Den evangelisk-lutherske kyrkja i Jordan og Det Heilage Landet (ELCJHL).
Dette skjer i Redeemer Church i Gamlebyen i Jerusalem. Her vil fleire deltakarar frå Noreg vere til stades.
Biskop i Oslo Sunniva Gylver og generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja, Einar Tjelle, er med i vigslingsgudstenesta og representerer Den norske kyrkja i denne viktige hendinga.
Besøker søsterkyrkja
– Den norske kyrkja har denne kyrkja som ei særskilt samarbeidskyrkje, seier Einar Tjelle.
– Særleg er det kyrkjelydar i Nidaros og Borg bispedøme, men òg fleire i Oslo bispedøme som har tett kontakt. I denne krevjande tida på Gaza, men og på Vestbreidda er kontakten med kyrkja svært viktig, sier generalsekretæren.
Imad Haddad har fram til no vore prest i Good Shepherd-kyrkejyden, Amman i Jordan. Han har vore ein viktig og kunnskapsrik medarbeidar i kyrkja – og han har vore i Noreg fleire gonger.
– Eg har eit svært godt inntrykk av Imad Haddad, og eg trur han som biskop vil vere til velsigning i kyrkje og samfunn i den krevjande tida som ligg føre han. Eg er glad for å vere med å be for den nye biskopen på søndag, seier Gylver.
Biskop Sunniva Gylver og generalsekretær Einar Tjelle er også med på å takke av biskop Ibrahim Azar, som avsluttar si teneste.
Sjå vigslingsgudstenesta her
Vigslingsgudstnesta frå Redeemer Church vert strøyma direkte, og du kan også sjå den i opptak.
Den startar kl. 16.00 norsk tid på søndag 11. januar.
Imad Haddad har vore på besøk i Noreg fleire gonger. Sist i september 2025. Frå venstre: Einar Tjelle (generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd), Berit Hagen Agøy, Imad Haddad og preses Olav Fykse Tveit.

