– Vi treng ei sterk folkekyrkje!

På opingsmøtet var statssekretær Helge Flø Kvamsås vikar for barne- og familieminister Lene Vågslid. Han snakka varmt om kor viktig kyrkja sin rolle i dagens samfunn er. Men han kunne ikkje love meir penger av den grunn.

Publisert:

Statssekretær Helge Flø Kvamsås på Kyrkjemøtet 2026 (Foto Heidi Olsen/Den norske kyrkja)
Statssekretær Helge Flø Kvamsås på Kyrkjemøtet 2026 (Foto Heidi Olsen/Den norske kyrkja)

Statssekretæren har sjølv gode minner og erfaringar frå ei ungdomstid i kyrkja i Førde. På Tiller helste han medlemmane på Kyrkjemøtet og minna om kyrkjebevaringsfondet som delar ut millionar til bevaring av kyrkjebygg over heile landet.

– Vi ser at kyrkja har ei viktig rolle i beredskapsarbeidet. Sjelesorg. Opne kyrkjer. Moralsk støtte. Håp. Hjelp med praktiske oppgåver. Fellesskap. I tillegg til alt det eg nettopp har nevnt om kulturarven, er dette element som er med på å bygge nettopp motstandskraft. Når vi no er inne i totalforsvarsåret, ville det vere rart om eg ikkje nytta dette høvet til å klart anerkjenne denne rolla. Men er det eit signal om meir friske pengar? Nei. Det er det ikkje. Budsjetta framover vil vere stramme. Og heller ikkje kyrkja kan planlegge for å få auka rammene sine.  

Les tala frå statssekretær Helge Flø Kvamsås her

Kjære delegatar, gjester, kjære Kyrkjemøte.

Først av alt vil eg sende ei helsing frå ho som skulle ha stått her i dag. Min kjære sjef, og dykkar statsråd, Lene Vågslid. Ho vart dessverre forhindra, og de må ta til takke med meg i staden. Det kan synast smått i samanlikning, men eg lovar at eg er mykje høgare enn henne. 

Frå spøk til alvor. 

For meg er det ei stor glede å vere her,også personleg. I ungdomstida var eg i mange år aktiv i kyrkjelyden heime i Førde, der eg vaks opp. Å få komme inn i politisk leiing i Barne- og familiedepartementet har derfor bore med seg fleire gode gjensyn, med personar som eg hadde «eit forhold til» i mitt tidlegare liv. På mange vis er eg litt på heimebane her. 

*** 

Før sommaren lanserte regjeringa sin strategi for eit livssynsopent samfunn. Den er vi stolte av. Der slår vi fast at eit trygt samfunn ikkje blir skapt gjennom å skyve tru og livssyn ut av offentlegheita. Tryggheit må byggje på at vi anerkjennar den vi er – og kvarandre – som heile menneske. Tru og livssyn er ein grunnleggjande del av identiteten. 

Eit livssynsopent samfunn er ein visjon for samfunnet og for samspillet mellom det offentlege og sivilsamfunnet. Den seier noko om korleis vi vil ha det. Korleis vi vil det skal vere å tru og tvile i Norge, eller å ikkje tru.  

Vi vil ha eit likestilt og mangfaldig samfunn som er trygt og godt for alle. Vi vil ha eit samfunn der det skal være trygt å samlast i bønn i ein moske, eit tempel eller ei kyrkje. Der bidraga til trus- og livssynssamfunna vert anerkjent og der menneske ikkje vert utsett for diskriminering, vald, tvang eller truslar – verken på grunn av kven dei er, kva dei trur på eller kva dei meiner.  

Strategien peiker på kva innsatsområder og tiltak vi kan ta i bruk for å medverke til at vi tek samfunnet i den retninga vi meiner er riktig.  

*** 

Vi trur at ei offentleg finansiering av trus- og livssynssamfunna er viktig for å leggje til rette for eit livssynsope samfunn.  

Skal Den norske kyrkja og dei andre samfunna ha ei viktig rolle i sivilsamfunnssektoren og for einskildmennesket, treng ein stabile rammevilkår. Regjeringa har ingen intensjonar om å endre på dette grunnleggjande premisset. Målet vårt med å følgje opp ekspertutvalget sine tilrådingar er å finne ein berekraftig og rettferdig veg vidare. Kva denne vegen vil vere, er ikkje avklart. Og eg kan heller ikkje love dykk noko på tid. Men det skal ikkje vere tvil om at vi ser alt det gode arbeidet kyrkja og dei andre trus- og livssynssammfunna gjer, og at vi fremleis meiner at vi treng ei sterk folkekyrkje.  

*** 

For to veker sidan blei nye tilskot til Kyrkjebevaringsfondet lansert. Ein av dei tinga statsråden då var oppteken av å få fram i intervjua, var beredskapselementet i dette.  

Kulturarven og tradisjonanen våre er viktige og konstante haldepunkt i ei omskifteleg verd. Det er ikkje uvanleg at denne blir eit bevisst mål i krigar og konfliktar.  

Å øydeleggje kulturarven kan svekke identiteten, tilhøyrigheita og tryggheita i eit samfunn. Dette handlar om alt frå bygningar, til språk, kunst og religiøse ritualer. Med andre ord; både den materielle og immaterielle kulturarven. Ein snakkar gjerne om eit folks motstandskraft. Kulturarven kan vere samlande for eit folk og gje håp og styrke.   

Kyrkjebygga er kanskje det fremste uttrykket vi har for kulturarven vår. Dei fortel historier om alt frå byggjekunst og teknikkar, til religiøse skikkar og levd liv i Noreg. Og slik vil vi at det framleis skal vere.  

Ei levande folkekyrkje i heile landet krev at kyrkjene blir vedlikehaldne og brukt. Og at kulturarven blir ført vidare. Difor er Arbeiderparti-regjeringa glad for at Kyrkjebevaringsfondet er så godt i gang med arbeidet sitt. Og at vi no, for første gong, også har fått løyvd midlar innanfor det som vert omtalt som innsatsområde 3 og 4: «Oppleving og formidling» og «Engasjement og deltaking». Innsatsområde 2 «Kunnskap og kompetanse» – noko som generelt berre blir viktigare og viktigare i den tida vi lev i – er det no løyvd midlar til for andre år på rad.   

Eg håpar de grip denne sjansen og får til å engasjere kommunane og lokalsamfunnet rundt kyrkjene i dykkar «heimbispedøme».  

Er dette eit signal, tenkjer kanskje nokon av dykk som sit i salen her no. Tja, vil eg svare då. For det kjem an på kva signal ein tenker på og ønskjer seg.  

Det er heilt klart eit signal på at vi ser at kyrkja har ei viktig rolle i beredskapsarbeidet. Sjelesorg. Opne kyrkjer. Moralsk støtte. Håp. Hjelp med praktiske oppgåver. Fellesskap. I tillegg til alt det eg nettopp har nevnt om kulturarven, er dette element som er med på å bygge nettopp motstandskraft. Når vi no er inne i totalforsvarsåret, ville det vere rart om eg ikkje nytta dette høvet til å klart anerkjenne denne rolla.  

Men er det eit signal om meir friske pengar? Nei. Det er det ikkje.  

Budsjetta framover vil vere stramme. Og heller ikkje kyrkja kan planlegge for å få auka rammene sine.  

*** 

Så ein kort tur innom nokre av dei sakene eg veit at de skal behandle på Kyrkjemøtet denne helga.  

*** 

«Dialog og ytringsklima i eit meir polarisert samfunn». Eg tenkjer at det er fint om Kyrkjemøtet kan komme med ein uttale som kan medverke til at vi får gode samtalar; om korleis kyrkja kan vere med på å fremje eit dialogisk samtaleklima, og om ansvarleg forvaltning av ytringsfridomen. I den tida vi lev i, er det få ting som er viktigare.  

Kva de skal seie, er ikkje opp til meg. Men eg vil oppmode om å reflektere over følgjande: 

I sommar lanserte regjeringa ein strategi mot desinformasjon. Der slår vi fast at vi vil behalde usemja og debattane. Vi vil framleis ha kritikken – den saklege og usaklege – frå eit breiast mogleg mangfald av aktørar. Det vi må sørge for, er å ha nok motstand i befolkninga til å avsløre desinformasjon.  

Desinformasjon vert brukt som bevisst middel i krigar og konflikter og for å forvitre eit samfunn. I tillegg sprer desinformasjon seg utan vonde intensjonar. Resultatet er at vi går til ytterkantane, og vi slår ofte fast at «samfunnet polariserast».  

Ei utfordring opp i alt dette, er å sortere i kva som er kva. Urett skjer. Folk blir diskriminert og utsett for hatytringar. Det er ikkje alltid desinformasjon.  

Vi må passe på at vi ved å bruke begrep som «polarisering» ikkje automatisk tenker at det handlar om desinformasjon. Bli flinkare til å avsløre kva som er sant og usant. Og sei frå når andre blir utsett for heilt uakseptable utsagn for eksempel på bakgrunn av religion. Dette er eit stort, komplisert mål å jobbe mot. Og kanskje kjem vi aldri i mål. Men vi kan aldri slutte å prøve. Det handlar om å beskytte demokratiet, og alt det inneheld.

***

Kyrkjevalreglane som de skal behandle her på Kyrkjemøtet, handlar også om demokrati. Fordi Den norske kyrkja etter Grunnlova skal vere ei folkekyrkje, har vi eit krav i budsjettproposisjon vår om at ho også skal vere «demokratisk».  

Korleis Den norske kyrkja løyser dette, legg vi oss ikkje opp i. Men eg kan sei at eg er glad for at kyrkja ser på måtar å gjennomføre val på som legg til rette for at flest mogleg kan stemme. Digitale val trur eg er framtida, og det er for dei fleste med på å bygge ned tersklar for å stemme.  

Men berre for dei fleste. For nokre, og då kanskje særleg dei eldre, gjer det terskelen skyhøg. Eg håpar derfor Kyrkjemøtet legg til rette for fysisk stemmegiving eller hjelp til digital stemmegiving ved oppmøte – slik sakspapira legg til grunn.  

*** 

Og frå dei eldre, til dei yngre.

Den norske kyrkja har det siste året gjort tøffe prioriteringar for å få ned dei adminitrative utgiftene sine. Dette både fordi det har vært strengt nødvendig å kutte kostnadar – mellom anna av omsyn til pensjonsutgifter – men også for å skape rom for meir strategiske satsingar.  

Ungdomen er kyrkja si framtid, dei skal bere kyrkja sin arv vidare. Då er det nok ikkje akkurat uklokt å fremje ungdom og unge vaksne som utvald satsningsområde framover.  

For ein som har erfart kor viktig kyrkja kan vere i ungdomstida og som ung vaksen, er eg glad for denne satsinga.  

Eg har merka meg at det er ein auke i unge som melder seg inn i Den norske kyrka, og også at det er fleire som let seg døpe så dei kan bli konfirmerte. At dei tilsette rapporterer om auka deltaking frå studentar og unge vaksne i kyrkjebenkane. Og at det er stadig fleire som opnar «ungKyrkje» initiativ, som er populære.  

Det å skape møteplassar og fellesskap for ungdom, studentar og unge vaksne er viktig. Også for å gi dei ei ramme for det eg var innom i stad, når eg snakka om saka de skal behandle om «dialog og ytringsklima i eit meir polarisert samfunn».  

I sakspapira til denne saka står det at hovudbodskapen bør vere korleis kyrkja sin teologi kan motverke polarisering både i kyrkje og samfunn.  

I strategien for eit livssynsopent samfunn er regjeringa opptekne av korleis trus- og livssynsdialogen kan medverke til bygge ned fordommar, skape tillit og romme ueinigheitsfellesskapet og eit større «vi». Eit av dei konkrete tiltaka er å styrke ungdomsdialogen. 

Eg vil gjerne utfordre kyrkja på aktivt å ta ungdommen inn i dette; både i arbeidet med å utarbeide uttalen om «dialog og ytringsklima i eit meir polarisert samfunn», og til å ta ei aktiv rolle i den interreligiøse ungdomsdialogen.  

Ein treng stemma til dei unge, og dei unge treng arenaer for opent og ærleg å kunne snakke om krevjande tema. Som samfunn treng vi òg at det gode arbeidet som trus- og livssynsdialogen i Noreg har bore med seg, fortsett gjennom nye generasjonar.  

*** 

Eg er elles glad for at Den norske kyrkja har valt ut Nasjonaljubileet 2030 som sitt andre strategiske satsingsområde. På de jubileeumsreisa vi skal ha fram mot 2030, er kyrkja både ein viktig og naturleg aktør.  

Arbeiderparti-regjeringa ønskjer at tusenårsmarkeringane skal skape engasjement, debatt og interesse for norsk historie og kulturarv. Vi ønskjer eit kunnskapsløft, og trur dei fem punkta i jubileet sitt verdigrunnlag er godt eigna til å opne for verdifulle samtalar om kva Norge har vore, kva Norge er, og kva Norge skal eller bør vere. Her er både Den norske kyrkja og dei andre trus- og livssynssamfunna nødvendige bidragsytarar. 

***

Eg skal gå inn for landing.   

Men før eg avsluttar vil eg i trus- og livssynsdialogens ånd avslutte med følgande:  

Mens vi er her på Kyrkjemøtet, feirar muslimar over heile landet avslutninga av Ramadan – Id al-fitr. Ramadan handlar ikkje berre om å avstå frå mat og drikke, men også om å avstå frå negative handlingar og ord, styrke tålmodigheita og omtanken, vere ekstra rause, gje til andre og jobbe med sjølvdisiplin og indre ro.  

Relaterbare verdiar for ein kristen, vil eg sei. Men også relaterbart for mykje av det eg har brukt tida mi på å snakke om i dag, om dialog og demokrati – og som køyrereglar for å kunne skape ei god ramme rundt drøftingar og samværet som de skal ha her i Trondheim denne helga.  

Eg ønskjer dykk gode dagar, med tålmodige samtalar og eit raust ytringsklima. 

Godt Kyrkjemøte! 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"