Den norske kyrkja uttrykkjer solidaritet med Grønland

Den norske kyrkja har sendt eit brev til biskop og folket på Grønland, der Den norske folkekyrkja uttrykkjer sterk solidaritet i ei krevjande tid.

Publisert:

Kyrkja i Nuuk, Grønland. (Foto: Vadim Nefedov / Adobe Stock)
Kyrkja i Nuuk, Grønland. (Foto: Vadim Nefedov / Adobe Stock)

I eit nytt brev til biskopen Paneeraq Siegstad Munk, uttrykkjer Den norske kyrkja si hjartefølte støtte og solidaritet til folket på Grønland.

– Vi ber for dykk og oppmodar våre kyrkjelydar til å be iherdig for fred, verdigheit og gjensidig respekt mellom nasjonane.

Brevet er signert Den norske kyrkja sin leiande biskop, Olav Fykse Tveit og generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd, Einar Tjelle.

Dei understrekar at situasjonen ikkje berre handlar om politikk, men om grunnleggjande spørsmål om menneskerettar, verdigheit og respekt for folkeretten.

– Dette er eit spørsmål om menneskerettar, verdigheit og respekt for folkeretten, skriv dei.

Vidare gjev Fykse Tveit og Tjelle takk for det trufaste arbeidet kyrkja på Grønland gjer, både i samarbeid med Folkekyrkja i Kongeriket Danmark og i det økumeniske fellesskapet internasjonalt.

Avslutningsvis stadfestar dei at Den norske kyrkja står klar til å følgja Grønland i bøn og med engasjement:

– Vi vil oppmode kyrkjelydar i  Den norske kyrkja til å støtta Grønland sin rett til sjølvråderett og til å halda fram kravet om respekt for folkeretten.

Les heile brevet her (pdf)

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"