– Det er fantastisk at så mange vil kome når kyrkja opnar dørene for å feire kjærleiken, seier Harald Hegstad, leiar i Kyrkjerådet.
Ei foreløpig oppteljing viser at 424 par gifta seg i Den norske kyrkja på valentinsdagen. I fjor var det 277 par denne dagen, og det er dermed ny rekord.
Sjølv om det fleire stader har vore mogeleg å droppe innom, er det eit heilt vanleg kyrkjebryllaup, men i litt enklare rammer.
– Seremoniane i dag har hatt det aller viktigaste i fokus, nemleg løftet mellom to menneske og Guds velsigning over ekteskapet deira, seier Hegstad.
Noko eige med kyrkja
Eitt av para var Siv Heidi og Stian som ga kvarandre sitt “ja” i Uvdal kyrkje.
Dei hadde snakka om bryllaup i fleire år.
– For oss som ikkje er så glade i stor ståhei, var dette veldig fint. Sjølv om ein vil ha ein enkel seremoni, er det likevel noko eige med kyrkja. Det er ei fin ramme rundt bryllaupet, utan at det treng å bli så voldsomt, fortel det nygifte paret.
Alltid mogeleg med ein enkel seremoni
Etter valentinsdagen i fjor gjennomførte Norstat ei undersøking for Den norske kyrkja. Blant ugifte i alderen 30–55 år, svarte 12 % at dei kunne vurdert å gifte seg på drop-in.
Kyrkjerådsleiar Harald Hegstad understrekar at det ikkje må vere valentinsdag og drop-in for å kunne gifte seg på ein enkel måte.
– Det er alltid mogeleg å kontakte kyrkjekontoret for om å ha ein litt enklare seremoni, det treng ikkje alltid stivpynta med mange gjester.
Nygifte frå nord til sør
Kyrkjer over heile landet inviterte til å feire kjærleiken. For første gang inviterte fleire døvekyrkjer til drop-in-bryllaup. I år var det også mogeleg å gifte seg i fleire av domkyrkjene. I Oslo domkirke stod biskop Sunniva Gylver for seremoniane.
Nidarosdomen i Trondheim var kyrkja der flest par gifta seg: Heile 27 par gav kvarandre sitt ja på valentinsdagen!
Sjå fylkesoversikt her:
|
Fylke |
Brudepar |
|
Agder |
14 |
|
Akershus |
55 |
|
Buskerud |
22 |
|
Finnmark |
2 |
|
Innlandet |
20 |
|
Møre og Romsdal |
33 |
|
Nordland |
26 |
|
Oslo |
44 |
|
Rogaland |
31 |
|
Telemark |
15 |
|
Troms |
17 |
|
Trøndelag |
36 |
|
Vestfold |
14 |
|
Vestland |
68 |
|
Østfold |
22 |
