Tru og miljø – Arbeid på tvers mot felles mål

– Me er den fyrste generasjonen som opplever konsekvensane av klimakrisa, og den siste som kan gjere effektive grep for å unngå dei mest katastrofale konsekvensane av den. Dette er ikkje ein sjanse me kan la gå frå oss.

Tru og miljø – Arbeid på tvers mot felles mål

Denne sterke påminninga og oppmodinga kom avtroppande generalsekretær i Kyrkjenes verdsråd, Olav Fykse Tveit,  med sist veke, i si tale under konferansen Tro og miljø: Teologi, dialog, praksis og formidling. Konferansen, som vart halde på Campus Kronstad ved Høgskulen på Vestlandet 12.-14. februar, samla fagfolk frå heile verda for å utforske og formidle kunnskap om korleis ein i ulike religionar jobbar med og tenkjer om klima, miljø og berekraft. Konferansen var eit samarbeid mellom Lutherske verdensforbund, Den norske kyrkja, Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn, Høgskulen på Vestlandet og Al Mowafaqa Institute ecumenical de theology.

Overskrifta for konferansen var innføring i økoteologi, praksisformidling og dialog og samarbeid i praksis, og målet for konferansen var å inspirere til og skape engasjement og handling. Noko av det som var viktig for initiativtakarane for konferansen, var også at konferansen skulle vere tverrfagleg og interreligiøs, og også utforske korleis miljøspørsmål kan brukast som verktøy for religionsdialog: – Utfordringane me står overfor når det gjeld klima, miljø og berekraft er veldig komplekse, men også ganske forvirrande. Derfor treng me å dra i same retning, og då er det viktig at me får høve til å lytte til kvarandre, bryne oss på kvarandre, til å dele røynsler og å lære av kvarandre, seier Einar Tjelle, som er seksjonsleiar i seksjon for økumenikk og dialog i kyrkjerådet og ein av initiativtakarane til konferansen.

I tillegg til å vere ein tverrfagleg og tverreligiøs konferanse, hadde også konferansen eit internasjonalt preg, med gjester frå mellom anna Iran, Thailand, Canada, USA, Sveits, Kamerun, Marokko og Norge. Forutan Olav Fykse Tveit, kunne konferansen skilte med namn som Dr. Chad Rimmer, Ingrid Rosendorf Joys, Imam Ibrahim Saidy og mange fleire. Felles for dei alle er at dei har tatt for seg berekraft i sine respektive religionar. –  Klimakrisa er noko som alle må bidra inn imot, og da er det fint å samlast breitt slik som ein gjer her: Samle akademikarar, folk som jobbar praktisk på feltet og stemmer frå ulike trossamfunn, samt politikarar og andre som har moglegheit til å gjere vedtak på dette feltet. Den einaste måten å løyse klimakrisa på er at alle gode krefter går saman, og denne konferansen er eit godt døme på en slik plattform, seier Ingrid Rosendorf Joys, som er generalsekretær i Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn.

Konferansen tok mål av seg til å vere relevant for både prestar, diakonar og andre tilsette i kyrkjer og andre religiøse institusjonar, så vel som lærarar og studentar i KRLE eller teologi. Edel Merete Gervin, som er diakon i Bragernes kyrkje og har eit glødande engasjement for klima og miljø, var ein av deltakarane under konferansen. – Det er veldig spanande å vere på ein klimakonferanse som har et tverreligiøst innsteg. Dei aller fleste religionar er opptekne av å ta vare på naturen, og me er ganske mange menneske i verda som har ei tru. Om me kan sjå at me har mykje til felles, trur eg at me kan få til veldig mykje, uttalde ho under konferansen.

Bærekraftperspektiv har fram til no vore nesten fråverande i lærebøker i KRLE-faget. Eit av måla med konferansen var òg å gjere noko med nett dét. Konferansen er tenkt som eit bidrag til å styrkje kompetansen på bærekraft innan KRLE-faget i tillegg til samfunnsfag og pedagogikk. Utvalde tema som har vore diskutert under konferansen vil munne ut i ei bok om religion og bærekraft. – Å få med sivile aktørar på det grøne skiftet er veldig viktig. Dette gjeld også dei religiøse organisasjonane i verda. Korleis dei jobbar med miljøspørsmålet har stor betyding, mellom anna fordi dei har moralsk autoritet og evne til å mobilisere massane. I tillegg har dei store internasjonale nettverk som gjer det mogleg å formidle kunnskap på tvers, uttalde Tom Sverre Tomren i forkant av konferansen. Tomren er førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet og ein av initiativtakarane til konferansen.

Olav Fykse Tveit, som om kort tid går inn i rolla som preses for Den norske kyrkja, er tydeleg på kvifor me treng konferansar som denne og på kva for rolle kyrkja har i møte med desse spørsmåla: – Samanhengen mellom berekraft, klimamål og religion var verdt ein konferanse. Global oppvarming er i ferd med å bli ei så merkbar krise for natur og menneske at det ikkje lenger handlar om i kva grad me bør snakke om den, men om me tør og kor mykje me orkar. Det er ikkje kyrkja si oppgåve å skape frykt, den kjem av fakta me høyrer og ser. Men kyrkjas oppdrag er å formidle Guds kjærleik til denne kloden og oss som bur her, no og sidan. Det er evangeliets oppdrag. Kjærleikens evangelium er aktuelt - som ei motkraft som kan skape noko nytt. Kjærleiken kan motivere oss der frykta kan lamme oss. Å tru på Jesus er å ha tillit til Gud som gir oss nåde for våre misgjerningar og kraft til å bidra til forvandling.

Hele innlegget til Olav Fykse Tveit finner du i lenken nedenfor.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"