Aktivitetsdag for små heltar!

Tysdag 7.oktober vil vi ha ein aktivitetsdag for 1.-4. klasse på Åram

Publisert:

Aktivitetsdag for små heltar!

Aktivitetsdag for små heltar!

Går du i fyrste til fjerde klasse?

For kyrkja er alle born små heltar og vi vil gjerne sjå dykk so ofte vi kan!

Har lyst til å vere med oss på ein gøy dag med aktivitetar i haustferien?

Då vil vi i kyrkja og ungdomskontakt i kommunen gjerne møte deg på Åram 7.oktober!

Vi startar klokka 0900 og avsluttar klokka 1530.

Vi vil då ha ein aktivitetsdag på Åram grendehus der vi skal, ha musikk, forming, uteleik og matlaging som faste aktivitetar. Der vert og pauser mellom øktene slik at ein kan leike litt fritt ilag, ute og inne.

Vi deler oss opp i grupper og so rullerer vi gjennom dagen, slik at alle får prøve litt av alt.

Matgruppene skal lage både lunsj og middag til oss som vi kan kose oss med ilag.

Vi har fått med oss presten, organisten, opplæringstilsette, stab og frivillige frå kyrkja og ungdomskontakt Kine frå kommunen.

Til foreldra: Vi skal ha rikeleg med vaksne til stades slik at det vert trygt å sette att borna om

morgonen og hente dei på ettermiddag.

Påmelding på mail: Vi har sett påmeldingsfrist til 1.oktober slik at vi kan sikte at vi har nok materiell og mat. Sjekk facebook «kyrkja» i Vanylven for meir info eller send påmelding til YL953@kyrkja.no so tek vi der derifrå.

Vi treng, Namn på deltakar, namn og tlf til ein føresett, allergiar eller anna vi må ta omsyn til, og so må vi ha løyve til å publisere deltakar med namn og bilete. (Eller viktigast :melding om der er tilhøver som gjer at dette ikkje skal puubliserast) Vi forsøker å ta gruppebileter med minst mogleg gjennkjenning, men tykkjer det er kjekt å kunne skryte litt om vi får lov!

Kyrkjelydsarbeidar Yngve Lillebø.

Kontaktinformasjon for Vanylven kyrkjelege fellesråd

Vanylven kyrkjekontor

Besøksadresse:

Djuvika 32

6143  FISKÅ

Postadresse:

Rådhusvegen 1

6143 Fiskå

Kontortid :
Måndag - fredag
kl. 09.00 - 15.00
Besøkstid: tirsdag-torsdag (9-15)
Vi har ikkje kapasitet til å halde tida 100%.
Om du må møte oss fysisk, avtal gjerne på førehand.
Tlf kontor 90167346.

Kyrkjeverge Rønnaug Bjørlykke 
rb238@kyrkja.no

Sekretør Yngve Lillebø
YL953@kyrkja.no

Organist Robert Clark 
RC837@kyrkja.no

Sokneprest Anton Heggvik
AH955@kyrkja.no
Sokneprest Johnny Leikvoll Drabløs
jl555@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"