1. Kva er det viktigaste du ønskjer at vi skal vite om deg, Stian?
Det viktigaste er kanskje at eg ønskjer å vere ein diakon som er til stades blant folk. Eg trur mykje godt skjer i dei enkle møta mellom menneske – i samtalar, i fellesskap og i omsorg for kvarandre. Eg kjem med eit ønske om å lytte, lære menigheita å kjenne og vere med og byggje eit varmt og inkluderande fellesskap.
2. Kva ser du mest fram til i di nye rolle som diakon hos oss?
Eg ser mest fram til å bli kjent med menneska i menigheita og lokalsamfunnet. Å få vere med og skape møteplassar der folk kan oppleve fellesskap, støtte og håp, er noko eg gler meg til. Eg trur mykje av det viktigaste i diakonien skjer nettopp der menneske møtest.
3. Er det sider ved diakonien eller menighetslivet du brenn litt ekstra for?
Eg brenn spesielt for inkluderande fellesskap – at kyrkja skal vere ein stad der alle kan kjenne seg velkomne, uansett livssituasjon. Eg er også opptatt av samtalar og nærvær, det å ha tid til å møte menneske der dei er i livet.
4. Korleis ladar du opp og finn energi i kvardagen når du ikkje er på jobb?
Eg ladar ofte opp gjennom enkle ting – spele og lytte til muskk, vere ute i naturen, gå turar, vere saman med familie og venner, eller ta litt roleg tid til refleksjon. Slike pausar gir energi og hjelper meg å vere til stades i møte med andre.
5. Har du eit håp, ei forventning eller ein visjon for tida som ligg framfor deg i menigheita?
Eg håpar å vere med på å styrkje fellesskapet i menigheita, slik at kyrkja kan vere ein stad der menneske opplever omsorg, tru og håp. Visjonen min er at vi saman kan skape eit levande fellesskap der det er rom for både glede, spørsmål og livet slik det faktisk er.
Tusen takk, Stian, for at du har kommt til oss. Vi er glade for å ha deg med på laget og ser verkeleg fram til samarbeidet vidare. Vi ønskjer deg hjarteleg velkomen som vår nye diakon!
