Kong Harald døde fredag 28. august 2026.
Nasjonen er i sorg og kjenner på dyp takknemlighet.
Kolstad kirke holder åpent i forbindelse med gudstjenesten søndag 30. august fra kl. 10.00 til 13.00. Gudstjenesten kl. 11.00 vil foregå som normalt med tre dåp og nattverd, men preges naturligvis av Kong Haralds bortgang. Prest er Per Even Robertstad og organist er Knut Arne Aasen.
Det er besluttet at alle domkirker skal holde sørgegudstjeneste førstkommende søndag 30. august kl. 11.00. Nidaros domkirke har sørgegudstjenesten kl. 17.00. Gudstjenestene i Oslo domkirke og Nidaros domkirke sendes på NRK TV.
Det var anledning for lystenning, kondolanseprotokoll, en kaffekopp, en stille stund og samtaler med prest og frivillige. Det kom omtrent 70 personer med uliker bakgrunner og ønsker. Takk for oppmøtet og samtalene.



Preses Olav Fykse Tveit holdt minneord om Kong Harald V i NRKs sending fredag 28. august. Her er minneordet i sin helhet.
Hans Majestet, Kong Harald den femte er død.
I dag er vi fylte av vemod og sorg. Det er ei sorg vi alle deler som nasjon. Sorga er fylt med ein djup og inderleg takk for alt vår kong Harald har vore for oss alle, i heile sitt liv og virke.
Kong Harald vart saman med dronning Sonja signa til si gjerning i Nidarosdomen ein sommardag i 1991. Han gav uttrykk for at det gav han ei sterk forankring til si kongegjerning. Det var ein dag då dei vart omfamna av nasjonen, og støtta gjennom kyrkjas bøn for dei. Slik har det vore sidan.
Dette kallet til å vere vår konge har han følgt med truskap, til stor velsigning for vårt land.
Gjennom sine mange besøk saman med dronning Sonja i bygder og byer, har han kome nær, med humor og alvor, og vist at samfunn må byggjast i gjensidig respekt og tillit.
Orda hans har bunde oss saman når det har røynt på. Han har tatt tak i det som har vore krevjande for oss, og i rett tid sagt det som kunne hjelpe oss å kome gjennom store kriser.
Kong Harald har bidrege til å løfte fram våre felles kristne og humanistiske verdiar som kjærleik, demokrati, rettsstat og nasjonalt fellesskap. Han har med sine møter og sine ord vist kva dei kan bety i praksis.
Han understreka verdien av mangfaldet som ein ressurs for nasjonen, og etterlevde det i praksis. Slik synte han kva forsoning kan vere.
Han gav både i ord og handling uttrykk for at han var trygg på kvar han sto, og at han difor også kunne vere raus og inkluderande overfor menneske av ei anna tru og med andre tradisjonar. Hans ord om at vi høyrer saman, har gjort si gjerning. Dei har famna alle som bur her. Uansett kva vi trur på, kvar vi er ifrå, kva vi meiner, eller kven vi er glad i.
Vi har vore stolte av vår konge, og han har gjort oss stolte av å vere norske. Han har vore ein høgt respektert leiar i verda. Mange har sett korleis han har vore ein inkluderande og samlande konge.
Kong Harald var oppteken av framtida, og delte uroa til unge, særleg det som trugar berekrafta til vårt felles livsmiljø og natur. Han har hatt tru på at vi kan få til endringar, dersom vi vil gjere det saman.
No går våre tankar spesielt til hans næraste familie. Vi sender våre kondolansar til Hennar Majestet Dronning Sonja, til Hans Majestet Kong Håkon den åttande, og til heile den kongelege familie. Vi ber om Guds omsorg og trøyst i den store sorga som dei no ber på.
Vi ønskjer kong Haakon alt godt som Noregs konge og Mette-Marit som Noregs dronning. Må Gud velsigne vårt nye kongepar, så deira gjerning kan bli til glede og gagn for land og folk.
