I gudstenesta 27. mars vil kyrkjelyden kunne gle seg over ny kyrkjekunst i Helgheim kyrkje.
Det er ei stor hending når no vakre kunstverk, som er designa og produsert lokalt, skal hengjast opp langs langsidene i kyrkjeskipet. 
Det er 8 bilete, 4 av motiva frå Det gamle testamentet og 4 frå Det nye testamentet.
 
Dei er designa av kunstnar Elsa Norunn Håheim Nydal og produsert av Jølster Design AS. 
Jølster Design As har arbeid med dette i ca 2 år. 
Bileta er handvovne med tynn tråd, og størrelsen er 2,25 m X 0,85 m. 
Dette er altså store bilete som vil gje folk som kjem i kyrkja mykje vakkert å feste blikket på. 
Kunstverka er finansiert med gåve frå Ivar Helgheim til kyrkjeanlegget i Helgheim kyrkje.
Ein stor takk til alle som har gjort dette mogeleg. 
                    