Dugnader for Gaular sokn vår 2026

Velkomne til årets dugnader i Gaular, saman kan vi få både kyrkja og gravstader til å bli trivelegare og  flotte å sjå til. Kyrkja stiller med kaffimat/ frukt /kaffi/te/saft- de er sjølvsagt velkomne til å kome med heimebakst  om de vil det! Dette skal vere sosiale kjekke treffpunkt,  med erfaringsutveksling og gode arbeidsykter.  GT=gudsteneste. Felles lunsj kl.12.00

Publisert:

Dugnad er både sosialt og nyttig
Dugnad er både sosialt og nyttig

Datoar og dugnader

Viksdalen kyrkje    GT: 8. mars fredag 6. mars kl 10.00-14.30 ( INNE)

Sande kyrkje          GT: 12. april   Måndag 13. april 10-14.30 (INNE/ UTE)

Bygstad kyrkje       GT: 26.april  DUGNADSVEKE:  måndag- torsdag 20.-23.4  ( INNE/UTE)

Hestad kapell /Øyrane    Torsdag 7. mai kl 17.00-20.00 gravplassen og Øyrane (UTE)

Viksdalen kyrkje fokus sanitæranlegg ute/inne, luke blomsterbed og klippe/frisere busker, så blomstereng frø i rabatten, inne: nedvask galleri, stearinflekke, pusse sylv og henge opp korktavle. Stell av eigne gravstader.

Bygstad kyrkje er ekstra sleta både inne, rundt sjølve kyrkja og på gravstaden, difor blir det lagt opp til fleire dugnadsdagar her enn dei andre kyrkjestadane i år. Den treng rett og slett litt ekstra kjærleik! Vaske og skrape gjerde rundt kyrkja- måle om mogleg- luke blomsterbed- rydde fjerne greiner på gravplassen. Inne stearinflekkar og henge opp korktavle, nedvask galleri.

Sande kyrkje: skrape og måle gjerde mot vest, rydde og klippe busker, rydde vekk greiner og lett beskjæring, stell av eigne gravstader. Inne : sylvpuss, nedvask galleri og fjerne stearin frå altertavle og elles i koret.

Hestad kapell:  Rydding av greier og rusk rundt området på Øyrane og gravplassen.

Ta gjerne med utstyr  heimanfrå til det du har lyst å bli med på. Då vi ikkje har utstyr til alle t. d trillebår, rive, skraper og gjerne noko å bite i om du har noko du vil dele forutan det kyrkja spanderar.

Håpar du vil bli med oss, det hadde vore oye svært!!!

Ved spørsmål/påmelding kontakt Synnøve Berget på tlf/sms 97068049

Med venleg helsing Synnøve & Ole

 

 

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"