Tid for tru - Tid for klagesong
Vi er inne i Fastetida i kyrkja. Tekstar og tema krinsar ofte rundt kamp, prøving, liding. Jesu kamp - og vår truskamp - livskamp - dei store spørsmåla - «Tid for tru» - er ein stad der vi set ord på skuggesider, vi går litt ned i djupet, men vi vil også leite etter kjelder å drikke av. Torsdag 12. mars tok sokneprest Rigmor Frøyen oss med på ei vandring- rundt temaet klage og klagesong. Det vart ei blanding av refleksjon, meditasjon, bibetekst, bøn og salmesong. Vi legg det ut her for at fleire skal kunne vere med på vandringa.
Les mer











