Velkomen til sorggruppe her på Sula. Oppstart veke 6. Meld deg på her.

I Sula sokn blir det starta opp sorggrupper i februar. Dersom ein er usikker på om sorggruppe er det ein har behov for, kan ein begynne og sjå om eit slikt tilbod gir den hjelpa ein søkjer. Sorggruppe i Sula blir starta opp torsdag 5.februar 2026 i Langevåg kyrkje. Påmeldingsfrist 01. februar.

Publisert:

Velkomen til sorggruppe her på Sula. Oppstart veke 6. Meld deg på her.

Velkomen til sorggruppe her på Sula. 

I Sula sokn blir det starta opp sorggrupper i februar. Vi har erfaring frå tidlegare deltakarar i sorggrupper om at samlingane har vore viktige. Sorg tar ofte lang tid - og forandrar seg etter kvart som tida går. Sorga kan ta både meir tid og krefter enn det ein sjølv og andre trur. Difor kan det vere godt å delta i ei gruppe der alle veit kor tungt det er å miste, og der ein kan samtale om felles erfaringar. I ei sorggruppe er det lov å dvele ved sorga, ikkje for å bli verande i den - men for å bearbeide og kome gjennom sorga, og finne fotfeste i livet på nytt.

Tema som blir tatt opp i gruppesamlingane:  

  • Det som skjedde
  • Sorga sine mange uttrykk
  • Å vere fysisk og mentalt sliten
  • Kontakt med slekt og venner
  • Høgtider og merkedagar

Dersom ein er usikker på om sorggruppe er det ein har behov for, kan ein begynne og sjå om eit slikt tilbod gir den hjelpa ein søkjer. Sorggruppe i Sula blir starta opp torsdag 5.februar 2026 i Langevåg kyrkje. Samlingane vil vare frå kl.18.00 - 19.30. Vi serverer enkel kveldsmat til slutt.

Datoar vidare er: torsdag 26.februar, 12.mars, 26.mars og 9.april.
Det kan bli sett opp ei «gjensynssamling» over påske om det er ønskeleg for deltakarane. Gruppeleiarar er diakon Ingvild Snipsøyr og kapellan Stine Margrethe Lerheim

Påmelding innan 1.februar 2026.
For påmelding, ta kontakt med kyrkjekontoret ved telefon 70199600 eller send
e-post: post@kyrkja.sula.no eller ein av oss:

Ingvild mobil 95 71 22 97 / e-post ingvild.snipsoyr@kyrkja.sula.no
Stine mobil 41 28 40 35 / 91 76 98 69 / e-post stine.margrethe.lerheim@kyrkja.sula.no

Gjer vel og informer andre i familien som kan ha nytte av eit slikt tilbod.
Sorggruppene er opne for alle, uavhengig av geografisk eller religiøs tilknyting.
Hjarteleg velkomen!


Beste helsing

Ingvild Snipsøyr                                                                             Stine M. Lerheim                          
diakon                                                                                                kapellan

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"