Bispemøtet har bestemt at alle domkyrkjene i landet skal ringe med klokkene torsdag kl. 15.00, og oppfordrar alle kyrkjene i landet til å gjere det same.
Klokkene kallar til bøn og er eit uttrykk for solidaritet med sivilbefolkninga på Gaza. Vi gir på denne måten uttrykk for vår uro og vår protest mot dei lidingane det palestinske folk utsettast for i Gaza.
Markeringa er ei støtte for sivilbefolkninga som lid i Gaza. Vi ber for dei, vi ringer for dei, vi står saman med dei. Gjennom vår søsterkyrkje i Det heilage landet, gjerast dette kjent også for dei som er der.
Biskopane ber oss ta del i denne bøna:
Rettferds Gud,
Vi er langt borte frå lidingane på Gaza. Men fordi vi er bunde saman i
menneskeverdet vi alle er skapte med, kjenner vi på sorg og fortviling over
håpløysa våre sysken opplever. Vi ber: Hjelp at vi ikkje må miste motet til å
kjempe for dei som lid, og at vi ikkje vert freista til å forlate vegane som kan opne
for fred og rettferd. La oss ikkje miste trua på at verdssamfunn og politikarar finn
vilje til løysingar som ivaretar sjølv den svakaste mellom oss, og som kan skape
varig fred og forsoning.
Beste helsing
Anders Barstad
Sokneprest i Sula