Har vi menn nokonsinne blitt menn, eller er vi framleis gutar? Kan vi ta ansvar? Har vi vaksne følelsar?
Dette, og mykje anna, får vi vite meir om når Ole-André Rønneberg kjem til Indre Sula kyrkje tirsdag 9. september kl. 19. Rønneberg er regissør for spelefilmen Kommandør Frank, ein film om gutar og menn, utanforskap, innanforskap og anna.
Han kjem til å presentere filmen sin, vise nokre snuttar, og ha ein samtale med sokneprest Anders Barstad om filmen, gutar og/eller menn, livet og det å vere elska.
Det blir høve til å gi ei gåve til filmprosjektet, og vi serverar kveldsmat til slutt.