Dette er ei sjølvhjelpsgruppe leia av diakon og kreftkoordinator. Vi inviterer dei som har behov for det, til å snakke saman om det å vere i sorg etter å ha mista nokon. Når gruppa er etablert, er den lukka. Leiaren si rolle er å ivareta alle og å belyse ulike sider ved det å vere i sorg.
- Tal på samlingar: 10
- Oppstart: Oktober/november kvart år
I 2025 startar sorgruppa opp tysdag 4. november kl. 17.30-19.00 på Biblioteket på Straume.
Du kan kontakte Bodil Lee Espedahl, seksjonsleiar for diakoni/diakon, dersom du har spørsmål, treng meir informasjon eller vil avtale ein prat: be794@kyrkja.no, tlf: 93094210.