Foldnes sokn arbeider etter visjonen «Di kyrkje for alle dagar». Takksemd, det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar i arbeidsfellesskapet vårt.
Arbeidsoppgåver
- Vere medleiar på Ungdomslørdag (ungdomsklubb frå 8. trinn og oppover, samlingar 1–2 gongar i månaden)
- Planlegging, tilrettelegging og gjennomføring av klubbkveldar
- Samarbeid med ungdom, ein annan ungdomsarbeidar, sokneråd og frivillige
- Deltaking på planleggings- og evalueringsmøter
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Erfaring frå arbeid med ungdom, gjerne frå kyrkje eller annan organisasjon
- Evne til å formidle og kommunisere godt med unge
- Relasjonsbyggjande og trygg rollemodell
- Gode samarbeidsevner, men også sjølvstendig
Vi tilbyr
- Meningsfullt arbeid i eit kreativt og fagleg sterkt miljø
- Samarbeid med engasjerte kollegaer og frivillige
- Løn og vilkår etter gjeldande tariffavtalar i kyrkjeleg sektor
Anna
- Arbeidstid: kveldar og helgar (ca. 10 % stilling, timebasert)
- Du må vere medlem av Den norske kyrkja
- Politiattest utan merknad er krav
- Vi ønskjer søkjarar med ulik bakgrunn og livserfaring
- Søkjar bør være 18 år
Søknadsfrist: 15.09.25
Arbeidsstad: Foldnes kyrkje
Kontaktperson: Seksjonsleiar Rannveig Vestbøstad Vik, tlf. 41507011
Søknad kan sendast til Rannveig Vestbøstad Vik: rv532@kyrkja.no