Åtteåringane på pilegrimstur

Laurdag 23. august var det endeleg tid for «haustens vakraste eventyr», nemleg T8-dagen. Ein fin gjeng med tredjeklassingar hadde pakka tursekken med både nistepakke og godt humør. Alle hadde òg tatt med seg minst ein familiemedlem. 

Publisert:

Åtteåringane på pilegrimstur

Tema for T8-dagen er «Pilegrim», og bibelteksten er frå Lukas 24,13-35, om Emmausvandrarane. Vi vandrar saman langs «Den gamle kyrkjevegen» frå Morland til Fjell kyrkje, og undervegs gjer vi ulike undringsoppgåver. Stikkorda for dei ulike postane er «Korset», «Bøn», «Vatn», «Måltid», «Håp», «Påkastrøysa» og «Målet». Vi snakkar til dømes om kven vi trur at Jesus er, korleis og når vi kan be, kva vatnet kan brukast til i kyrkja (alt frå oppvask til dåp), om kva som skjer når vi et saman i kyrkja (både kyrkjekaffi og nattverd), og kva for håp vi går og ber på. 

Åtteåringane hadde mange gode innspel på dei ulike postane, og det vart ein flott og lærerik dag for oss alle, både store og små. Framme i kyrkja var det hotdogservering, og det var veldig populært. Til slutt var vi samla i kyrkjerommet til ei stemningsfull pilegrimssamling der alle åtteåringane fekk kvart sitt kors i gåve.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"