Gudstenestelivet i Sund

I Sund sokn har me to kyrkjer: Sund kyrkje (1997) og Kausland kyrkje (1881). Det er gudsteneste annankvar søndag i Sund og Kausland.

Lysgloben i SUnd kyrkje med tente lys, i bakgrunnen kan ein sjå glassmaleriet

I tillegg til vanlege høgmesser og familiegudstenester, har me også bønevandringsgudstenester og songgudstenester. Dessutan har me friluftsgudsteneste ved kyrkjesteinane på Tyssøy, og kystkulturgudsteneste i Trellevikbygnaden. Totalt har me 61 gudstenester i Sund sokn på søndagar og heilagdagar.

Dessutan har me nattverdgudstenester på Sundheimen og Solhaug sjukeheim ein gong i månaden, og ei kortare andaktsstund same stader ein gong i månaden.

På sjukeheimane får me god hjelp av Røde kors besøksvenner og aktivitør.

Me har dåpssamtaler med dåpsforeldre i Sund kyrkje og Kausland kyrkje 1-2 gonger i månaden.

Her kan det vera fleire foreldrepar til stades, og me orienterer både praktisk og innhaldsmessig om dåpen og dåpshandlinga.

Og så får sjølvsagt dåpsforeldra sleppa til med sine spørsmål.

Dessutan får dei med seg ein folder om barnearbeidet i Sund sokn og ein reklamefoldar frå «Tripp Trapp» (dåpsopplæringsmateriell).

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"