Påske i Landro

I Landro kyrkje var det tre gudstenester i påskeveka: familiegudsteneste palmesøndag, nattverdgudsteneste skjærtorsdag kl 17 og høgtidsgudsteneste 1. påskedag.

Tekst: Alvhild Vassel Eide

Familiegudstenesta var eit godt samarbeid mellom Morten prest, kantor Eline, barne- og tweenskoret andre born og eit par fedre som i fellesskap levandegjorde ulike tema frå palmesøndag.

Skjærtorsdag hadde kantor Eline med seg ei forsongargruppe som leia kyrkjelyden i sterke salmar knytta til lidingshistoria, t.d «Du som låg i natti seine» av Jakob Sande og «Du låg og skalv av angst på kne» av Bjørn Eidsvåg. Gudstenesta vart avslutta med nattverd og postludium der forsongarane akkompagnert av Eline song «Were you there when they crucified my Lord.»

Mennesker sitter ved flere bord, noen står i kø for å forsyne seg av mat langs veggen

På førehand var kyrkjelyden oppfordra til å ta med litt mat til eit felles kveldsmåltid. Det gjorde mange, og heile forsamlinga kunne nyta eit godt kveldsmåltid i fellesskap.  

et langbord med mye forskjellig pålegg, ved enden står en dame og forsyner seg,   Mennesker sitter ved flere bord inne i salen og spiser kveldsmat og prater sammen

1. påskedag stod gudstenesta i Sigerherrens teikn og starta med ”Deg være ære, Herre over dødens makt!” Ann Jorunn Hillersøy var organist og sytte for at orgelmusikken understreka gleda i påskedagsbodskapen!

Morten prest hadde ansvar for alle tre gudstenestene og let oss følgja Jesus gjennom den dramatiske veka, og understreka at det var for vår skuld han gjekk gjennom det alt saman!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"