Kjære konfirmantjubilantar!
Somme av dykk var kanskje med på konfirmantjubileet for 5 eller 10 år sidan. Vi vonar at både de og dei som ikkje har vore med tidlegare, vil nytta høvet no til å møta igjen ”gamle kjende” frå konfirmanttida.
Vi samlast til gudsteneste i Fjell kyrkje kl. 11.00. Her vil de truleg få møte sokneprest i Fjell, Per Hjemdal. Det vert nattverd og høve til dåp denne dagen. Under gudstenesta vil det verta teke opp takkoffer via Vipps eller kontantar.
Etter gudstenesta vil dei ulike kulla verta fotograferte, og etter kvart flytter vi inn i kyrkjelydssalen der borda vil stå dekka og pynta. Vi får servert middag og kaffi. Vi pleier å samle dei ulike kulla slik at kvart kull får sitt langbord. Det er kjekt om nokon av dykk kan koma med ei helsing ein gong i løpet av ettermiddagen! Elles vert det god tid til å prata saman og friska opp att gamle minner. Det pleier ikkje vera noko problem å få tida til å gå!
Assistanse eller særskilt meny
Sidan det er så mange konfirmantjubilantar er det dessverre i utgangspunktet ikkje høve til å ta med ektefelle, skulle likevel nokon ha trong for litt assistanse så gjer oss merksam på det ved påmelding. Her må de og gje beskjed viss nokon er allergisk og treng ein særskild meny! Vi pleier å ha både sukkerfrie og glutenfrie kaker.
Påmelding innan 6. oktober
Pris
Prisen pr. person vert kr 450. Dersom du ønskjer å kjøpe og få tilsendt biletet kjem det eit tillegg på kr 150.
Betaling for middag og kaffi ordnar vi i pausen etter middagen. Du kan betale med kontantar, eller via appen Vipps. Informasjon om nummeret, og kva du skal merka innbetalinga med, vil du få i pausen.