Håp i ein drope vatn!

På søndag var det den tradisjonsrike fasteaksjonen i Fjell, Foldnes og Landro kyrkjer, med målet om at mange fleire i verda skal få tilgang til livsviktig vatn! Konfirmantane og mange av foreldra var storfornøgde over å få bidra med innsamling, bollebaking, pengeteljing, oppvask og andre oppgåver.

Publisert:

Konfirmantar og foreldre sitt klare i Fjell kyrkje for å gå med bøsser til fasteakjonen
Konfirmantar og foreldre sitt klare i Fjell kyrkje for å gå med bøsser til fasteakjonen

–Nokre kasta pengar ned frå eit tak fortalte to Landro-konfirmantar! –Nokon satt klar og venta på at vi skulle kome på døra deira, fortalde nokre konfirmantar i Fjell. –Det var godt med kakao når vi kom att frå runda, syntest Foldnes-konfirmantane.

Konfirmantane gav uttrykk for at dei syntest det var kjekt og meiningsfullt å vere med på aksjonen: «Det var fint å hjelpe litt til med at andre kan få det betre», sa ein av konfirmantane då han kom tilbake til kyrkja med kalde og våte fingrar. Stemninga rundt borda var god då alle samla seg til bollar og kakao, og delte frå erfaringane dei hadde på dei ulike rodane. –Vi øvde på kva vi skulle seie mellom husa, og så bytte vi på å presentere oss og innsamlinga, slik at alle fekk prøve seg, fortalde nokon. 

Saman gav vi ein ettermiddag til innsamlingsaksjonen «Håp i ein drope vatn». Kirkens Nødhjelp fortel at 300 kroner kan gi reint vatn til éin person resten av livet! Takk for samarbeidet og ein fantastisk innsats til alle bøsseberarar og medarbeidarar! Takk til alle som tok så godt imot bøsseberarane våre! Takk for alle bidrag, i bøssene eller på vipps! Bøsseberarane i Øygarden har i 2026 samla inn 184 401 kroner. Dette betyr at Øygarden har gjeve reint vatn til 615 personar.

En dame holder smilende opp en gjennomsiktig pose med mange mynter oppi

Aksjonsleiar Kristine Dale i Foldnes er fornøgd med årets innsamlingsaksjon.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"