På ein måte er denne messa nett som alle dei andre gjennom året: Eit møte med Gud og med kvarandre, med gjenkjenneleg liturgi og gudsteneste-element, og ikkje minst: OPEN FOR ALLE. Samtidig er ho spesiell, og det rikhaldige programmet skal spegle dette:
Musikk frå Joinus Ten Sing, medlemmar frå Os sokneråd og kyrkjelyden ellers, Ungdomsbandet og bergensartisten LØVFALL
Dans av Malin Nøss Vangsnes-Weaver
Appell ved leiar for Skeiv Ungdom Vestland og frivillig i kyrkja på Sotra, Levi Jung
Prest denne kvelden er kapellan Jostein Enger.
Etter gudsteneste speler vi oss bort til Tunet kyrkje- og kultursenter der det serverast suppe og fellesskapet kan halde fram kring borda.
Regnbogen symboliserar mangfaldet, og difor er regnbogegudstenesta ikkje heilt komplett utan DEG! Velkommen skal du vere, uansett kven du er!