Og med slik musikalsk opning i førehandsomtale kan du ha forventingar om eit eldretreff der vi får ein god del musikk og sjølvsagt skal vi synge fleire sanger i «raudt, kvit og blått». Vår hus-pianist Anna Cecilie Nordlund Oksavik har invitert med Linn Kjerstin Østgulen som speler fiolin. Dei vert og tonefølgje til fellessong.
«Den nye kapellanen» er tittelen på ein novelle av Hans E. Kinck og mykje av innhaldet i denne gjeld nysgjerrighet og negative sider med det. Men vi skal likevel få vere litt nysgjerrig når vi på eldretreffet og får besøk av vår nye kapellan Jostein Enger. Med over 20 års presteteneste har han fått god erfaring og han vil venteleg sei noko om dette, men kanskje mest kva han ønskjer å vere til teneste med som prest her hjå oss i Os.
Sanitetsdamene syter for gode lunsj-skjever og litt ekstra til kaffien.
Og så vil vi fortelje litt meir omkring vårturen som skal vere 3. juni og det vert høve til påmelding.
Vel møtt til siste ordinere eldretreff for vårsemesteret!
Eldretreffa vert arrangert i fellesskap mellom
Os santitetsforening og Os sokneråd