Det er med stor glede vi igjen kan invitere til dagstur for alle som tidvis har vore med på Koinonia og/eller Eldretreff .
Og er du mellom dei som berre har tenkt du skulle gå på desse arrangementa, er du og velkommen til å vere med på denne turen.
Avreise tysdag 3. juni kl 08:45 frå Os buss-terminal.
Retur til Os ca kl 17:45
Målet med denne dagen er Rosendal, ei av dei flottaste bygdene i ytre del av Hardanger.
Vi skal besøke Kvinnherad kyrkje og Folgefonn-senteret før vi får servert varm lunsj med dessert og kaffi.
Det vert litt guiding på turen og kanskje får du med deg nokre gode historier og?
På ferjo fra Gjermundshamn til Årsnes vert det tid til kaffi og noko god bakst.
Påmelding er bindande.
Her er lenke til påmelding. Du kan óg ringe eller koma innom Tunet i opningstida.
Påmeldingsfrist 16. mai.
Pris per person kr 650,-
Du får tilsendt faktura nokre dagar før turen. Har du utfordring med å betale avgifta, ta kontakt med oss så finn vi ei løysing.