Takk for di gåve!

Utallige bidrag, både praktisk og økonomisk, er med på å byggje kyrkja vår på Os. Takk for ditt viktige bidrag i året som gjekk! Eller kanskje du vil bli med på laget i 2026?

Publisert:

Takk for di gåve!

Det er siste fredag før jul når eg skriv dette. Ventetida er snart over, innspurten unnagjort og julefreden kan senke seg. Førsjulstida er travel i kyrkja – i år har vi hatt ikkje mindre enn 13 barnehagegudstenester og 15 skulegudstenester mellom 1. og 18. desember(!).

Midt i det travle vil vi òg stoppe opp og sette pris på at kyrkja vår er full av folk, anten det er skuleborn, konsertgjengarar, frivillige som står i døra til gudsteneste, dåpsfølgjer som feirar det nye livet, eller gravferdsfølgjer som søker eit rom for sorg og trøyst. Våre kyrkjerom er heilage rom, undringsrom og sosiale rom, året rundt.

Vi ynskjer at du som bidreg fast til vårt arbeid skal få kjennskap til det store arbeidet som pågår, og bli mint på kor verdifullt ditt bidrag er. Pengane som kjem inn går til aktivitetar for born og ungdom, møteplassar for eldre, vedlikehald av «storstova» Tunet kyrkje- og kultursenter, diakonale tiltak for einsamme, innvandrarar og sørgjande, og mykje meir. Utan frivillige gåver går ikkje dette rundt. Slik bør det kanskje òg vera – kyrkja byggjer vi i lag. Samstundes vil vi i 2026 jobbe aktivt med å få nye faste gjevarar, om enn med små beløp. Vi treng mange lokale støttespelarar med på laget!

Du kan både bli fast gjevar og justere gåvebeløp via Vipps. 

No mot slutten av året minner vi om at du kan få skattefrådrag for gåver inntil 25.000 kroner til ideelle føremål årleg. Har du ynskje og høve, kan du gje ei julegåve til vårt arbeid via VIPPS ved å gå inn på våre nettsider her.

Til deg som er fast gjevar og bidragsytar til kyrkja sitt arbeid, eller ynskjer å bli det: Tusen takk for at du er med!  


Vil du bli fast gjevar eller vite meir om kva du gir til, les meir nedanfor eller ta kontakt med oss! 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"