Kyrkja i Lesja flytter utandørs på juleftan

"Juleftan søkjer mange til kyrkjene. Det viktigaste er at flest mogleg har høve til å oppleve det kjende og kjære i år og. Difor satsar vi på å feire jula utandørs ved alle tre kyrkjene våre", seier Jorunn Einbu Teigen, leiar i Lesja kyrkjelege råd.

Jorunn Einbu Teigen, leiar i Lesja kyrkjelege råd, ynskjer velkomen til utegudstenester på juleftan

Juleftan startar vi med gudsteneste ved Lesjaskog kyrkje kl. 13.00, fortset ved Lesjaverk kyrkje kl. 14.30 og avsluttar ved Lesja kyrkje kl. 16.00. Julemessene vil vare omlag ein halvtime. Juleevangeliet, bøn velsigning og sjølvsagt julesongar, akkompagnert av Iver Holsbrekken på trombone.

Klokka 17.00 kimer det i kyrkjeklokkene.

Sjølvsagt kan veret skape problem, men den sjansen må vi ta. Det viktigaste er at flest mogleg får ta del i julegudstenestene. Skulle vi hatt dei innandørs, ville det vore maks 50 stk i kvar kyrkje. 

Nytt for året er ei julemarkering ved skulehuset i Råna, 23. desember kl. 17.00

Juledagane er det tradisjonelle gudstenester i Lesja kyrkje (1. juledag kl. 11.00) og i Lesjaskog kyrkje (2. juledag kl. 11.00)

På nyttårseftan blir det gudsteneste i Lesja kyrkje kl. 16.00, med Ingunn Hagen og Magnus Halle.

På utegudstenestene er deltakergrensa 200 stk, men på innandørsgudstenestene er grensa 50 stk. Når det er allsang innandørs, er det nå innført eit avstandskrav på 2 meter mellom folk som ikkje tilhøyrer same husstand. Utandørs er avstanden framleis 1 meter.

Alle som deltek, både inne og ute, vil bli registrert med namn og telefonnummer.

Vi må sjølvsagt ta høgde for at det kan koma endringar som følgje av koronarestriksjonar. Dette vil i tilfelle bli annonsert her på www.kirken.no/Lesja og på Facebook-sida Kyrkja i Lesja.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"