Gudstenester og kyrkjelege handlingar

På grunn av ny nasjonal nedstenging, vil det ikkje bli gudstenester søndag 10. januar og 17. januar. Dei nye koronarestriksjonane gjeld førebels fram til 18. januar.

Det blir tomme kyrkjer utover våren

Dette er dei nye reglane som gjeld for kyrkja f.o.m. 4. januar:

Alle planlagde gudstenester, samlingar og faste aktivitetar for alle aldersgrupper blir avlyst eller gjennomført digitalt.

Unntaksvis kan små enkeltsamlingar eller seremoniar med inntil deltakarar gjennomførast, når ein lokalt vurderer at det er nødvendig (f.eks. dåp, vigsel, diakonale tiltak/sjelesorg, innspeling av digitale gudstenester o.l.)
Sjølv om det ikkje er innført strengare reglar for utandørs arrangement no, tilrår kyrkja si leiing at ein unngår dette dei neste to vekene, som eit bidrag til færre sosiale møtepunkt).

Gravferder kan framleis gjennomførast, med inntil 50 deltakarar.

Som hjelp ved eit evt. smittesporingsarbeid, blir alle som deltek på arrangement i kyrkja, registrert med namn og telefonnummer. Dette er personopplysningar og vil bli behandla og lagra deretter (dvs. nedlåst i ein lukka konvolutt). Listene vil bli makulert når opplysningane ikkje lenger vil vera relevant for helsestyresmaktene sitt smittesporingsarbeid (per i dag vil det seie at konvoluttane med namnelista vil bli makulert etter 14 dagar. 

 

"I denne situasjonen blir vi stilt på prøve, både som enkeltmennesker og lokalsamfunn. De reglene som gis, er gitt for å sikre alles trygghet og helse, ikke minst de som er i risikogruppene, de svakeste blant oss.

Vi skal støtte hverandre, holde motet oppe, hodet kaldt og hjertet varmt i tiden framover", sier prest Magnus Halle.



Er du uroleg som følgje av koronaviruset? Blir det einsamt?
I denne situasjon kan det heilt enkelt vera godt å ta ein telefon og prate litt.
Ta kontakt med Magnus Halle, 930 20 340, om du ynskjer nokon å prate med.

Minner og om at kyrkjekontoret har fått nytt nummer, 918 52 144, om du har behov for å kontakte oss.

Vi oppmodar alle til å halde kontakt og vise hjartevarme framover. Å ta ein telefon til nokon som treng det, smittar ikkje.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"