Klubben er tilrettelagd for menneske med nedsett funksjonsevne. På kyrkjeklubben er det mellom anna mykje song og musikk, dagens forteljing, me tenner bønelys og avsluttar med kveldsmat i lag. Me samlast til vanleg i Norheimsund kyrkje siste torsdag i månaden. Både ungdomar og vaksne er med. Det kostar ikkje noko.
Sjå tider i dokumentet nedanfor for hausten 2026:
VELKOMEN TIL KYRKJEKLUBBEN!
Siste torsdag i månaden kl. 17.30-19.00 i Norheimsund kyrkje
Her er samlingane for hausten 2026
27. august
24. september
29. oktober
26. november
Det blir: Song og musikk, forteljing, mat og prat
Velkomen!
·
