Dagens bibelord
1. Timoteus 6,12–16
Dagens bibelord 24.04.2026
12 Strid den gode striden i trua
og grip det evige livet som du er kalla til,
det som du vedkjende deg
då du bar fram den gode vedkjenninga
framfor mange vitne.
13 Eg byd deg for Gud, som gjev alle ting liv, og for Kristus Jesus, som bar fram den gode vedkjenninga for Pontius Pilatus: 14 Ta vare på oppgåva di og hald henne rein, så du ikkje kan skuldast for noko, heilt til vår Herre Jesus Kristus kjem. 15 Det skal han la oss få sjå i si tid,
den sæle og einaste herskaren,
kongen over kongane og herren over herrane,
16 den einaste som er udødeleg,
som bur i eit lys dit ingen kan koma,
han som ikkje noko menneske har sett,
og ingen kan sjå.
Han vere ære og evig makt! Amen.
Kilde: www.bibel.no