Dagens bibelord
Lukas 17,5–10
Dagens bibelord 11.09.2025
5 Apostlane sa til Herren: «Gjev oss større tru!» 6 Herren svara: «Hadde de tru som eit sennepsfrø, kunne de seia til dette morbærtreet: ‘Rykk deg opp og slå rot i havet!’ Og det skulle lyda dykk.
7 Om ein av dykk har ein slave som er ute og pløyer eller gjeter, seier han då til slaven når han kjem heim frå marka: ‘Kom no og set deg til bords?’ 8 Nei, han vil seia: ‘Lag til kveldsmat, bind opp kjortelen og stå til teneste for meg medan eg et og drikk. Sidan kan du sjølv få deg mat.’ 9 Takkar han slaven for at han gjorde det han var pålagd? 10 På same måten er det med dykk: Når de har gjort alt de var pålagde, skal de seia: ‘Vi er unyttige slavar og har berre gjort det vi var skuldige å gjera.’»
Kilde: www.bibel.no