Laurdag 31. oktober 2026 er det nok ein gong duka for Vennefest i Norheimsund kyrkje.
PÅMELDING HER
Etter felles start med song og moro med Bjarte Leithaug, blir det mange kjekke aktivitetar, snop, kaker og mykje meir.
Vennefest er ein stor dugnad, og me håpar mange foreldre/vaksne vil bidra for å få dette til.
Tema: Vennskap med Gud og kvarandre
Tid: Laurdag 31. oktober kl. 17.30 - 19.30
Alder: Heile familien med vaksne og søsken i alle aldrar
Pris: 100 kr. per barn, maks 250 kr. per familie. Vaksne gratis.
Meld dykk på innan onsdag 28.okt og vipps til 86323 (Norheimsund kyrkje). Merk betalinga med Vennefest og barnet/barna sitt namn. Dersom de ikkje har Vipps, kan de betale når de kjem til kyrkja. (NB! Vippsinga er ikkje sjølve påmeldinga.)
Kostyme: Borna kler seg ut før dei kjem, men kan få ansiktsmaling i kyrkja, om dei vil. Me ynskjer snille kostymar. Kjekt om vaksne òg kler seg ut! :-)
Obs! Me ynskjer ikkje at borna ha på seg masker eller skumle halloweenkostymar. Me ynskjer å ha fokus på vennskap og moro i staden for det skumle.
Dette vert ein stor dugnad, og me treng mange frivillige for å få dette i hamn. Me treng først og fremst folk som kan stå på post (t.d lykkehjul, skoesketårn) i 40 minutt. Arrangementet varer i to timar, så to personar deler på èin post. Me har ca. 12 postar. Me treng òg hjelp til å bake kaker, rydde opp, samt div. praktiske oppgåver. Noter i påmeldinga kva de evt. kan bidra med.
Kontaktperson: Solveig Lønning Sangolt, tlf. 930 21 676
Arr.: Norheimsund kyrkje, ved kyrkjelydspedagog og søndagsskulen
