Preike i Paulus kirke 9/2-2020;
Gud gjer ikkje forskjell på folk. Det er eit evangelium til oss fordi av og til, same kva, kjem dagen og den natta då vi alle, du og eg, ja, same kor flinke og godhjarta og sterke vi er, treng å ta imot og bli tatt imot med åpne hender, kanskje i eit kyrkjerom vi kan kvile i og få nye livskrefter. Få styrke livsmotet.
Såmannssøndagen, Tekst Lukas 8, 4 -15.
Kjære venner, det er fint å vere her i Paulus igjen! Det er fint å være her i kirka igjen! Eg lurer på om siste gongen eg var i dette rommet på dagtid, var då sykkelen punkterte utanfor her og her var det (tilfeldigvis ?) Vår-sykkel-sjekk inne i kirka! Paulus kirke! - med åpne dører, og nett no er det vi som er her og vi blir her ei stund.
I dag har vi høyrt ei likning som Jesus fortalte til ein stor samansett folkemengde. Det dreier seg om ein bonde som sår. Vi høyrde disiplane spørje kva denne forteljinga betød. Dei fekk eit detaljert svar som nesten heilt sikkert ikkje stammer frå Jesus, men frå Lukas som skreiv ned dette og som ville prøve å forstå kvifor i all verda nokon trudde og tok til seg evangeliet og andre ikkje.
For oss prestar har denne forklaringa om «hva denne lignelsen betyr», vore til stor trøyst. For då kan vi - eg - skilje mellom ulike typar tilhøyrarar og legge skulda på dei: «Du er god jord!», «Du er full av tistlar!», «Du er fast grunn!» Og ved å skilje mellom innanfor og utanfor, mellom dei og oss, kan vi få stor tiltru til oss sjøl, og avgrense oss mot alle dei andre, dei som ikkje er som oss.
Skal ein trekk ein grunnlærdom av denne lignelsesfortellinga, er det at Gud, skaparen, ikkje gjer forskjell på folk. Det er noko av han som har gitt namn til denne kyrkja, aldri vart lei av å understreke: Gud gjer ikkje forskjell på folk, heiter det tidleg i Paulus sitt brev til romarane. Og underforstått: Då skal heller ikkje vi gjere det. Ikkje skilje mellom dei som ser ut til å vere god jord og dei som ser tornefulle eller flat-tråkka ut, mellom dei som står på fast grunn og dei som er fast grunn. Lufta er for alle! Det er også kyrkjene. Vi skal ikkje gjere forskjell på folk.
Dersom likninga ikkje handlar om korleis ulike folk høyrer evangeliet, kva handlar den om då? Rett og slett om ein bonde som sår og som sår raust, utan å gjere forskjell på jordtypar. Og underet er at noko av det dyrebare såkornet veks opp og gir rik avling. Men korleis det går til, det veit vi ikkje. Det er eit under, eit mysterium. Du: fortsett å så! Hald fram med å så, raust: «noe falt i god jord, og det vokste og bar frukt, hele hundre ganger det som ble sådd.»
Denne forteljinga frå Palestina, minner oss på at det finst nokre forskjellar i klima og vekstgrunnlag jorda over: For dei av oss som er glad i å plante og så og dyrke, om det er blomster eller nyttevekstar, har kanskje allereie oppdaga at av alle dei hindringane Jesus snakkar om for at kornet og frøa skal vekse opp, nemner han ikkje kulde med eit ord. Men her i Norge, er noko av det bønder og fruktdyrkarar fryktar mest jo temperaturfall, frost og også tidleg varme. Mens varme og tørke var og er ei utfordring rundt Middelhavet, er vår bekymring stadig mest knytt til kulde.
For i Norge er det stadig sånn at om vinteren er det kaldt. Sist søndag feira vi kyndelsmesse, det har i vår samanheng blitt markert som midtpunktet av vinteren. Vi har fleire vintermånader framfor oss. Då er det kaldt her nord. Det veit alle som har vore ute ei vinternatt før. Kva betyr det at Gud ikkje gjer forskjell på folk, for oss i Paulus og Sofienberg menighet og i kyrkja i Oslo? Det betyr også, trur eg, at vi skal åpne kyrkjene for alle dei som har behov for det når det er kaldt.
Paulus kirke ligg stadig rett ved det pulserande livet, her i den tradisjonsrike arbeidarbydelen Grünerløkka. Då vi feira kyrkjas 125-årsjubileum for nokre år sidan, feira vi ei kyrkje som har betydd mykje for lokalsamfunnet. Ein heim og eit viktig rom for mange, og også ei kyrkje som har utfordra. Det var her dåverande residerande kapellan Oddbjørn Leirvik som ein pioner for den interreligiøse samtalen, særleg mellom kristne og muslimar, starta opp eit arbeid som no er ein viktig del av det religiøse verkelegheita i Norge. Her dreiv sokneprest Grete Hauge og mange andre solidaritetsarbeid med Guatemala og dei hang også opp eit banner frå kyrkjetårnet med dei profetiske orda: "En annen verden er mulig". Det er nemleg mulig å tenke seg at det finst andre måtar å innrette samfunnet og livet på, dersom vi då tar Paulus sine ord på alvor: Gud gjer ikkje forskjell på folk.
Dette tradisjonsrike rommet her ved Birkelunden har vore og er stadig ein stad for nytenking og for å finne ut meir om korleis vi skal tene våre medmenneske og opne oss for dei som har behov for det. Frå og med i natt er Paulus kirke åpen heile natta. Åpen for alle som har behov for å kome innom. Det merkeleg med dette heilt enkle tiltaket, er at det faktisk ikkje finst nokre åpne rom her i byen på nattetid, bortsett då frå legevakta. Oslo kommune har ein avtale med Frelsesarmeen som opnar for overnatting når gradestokken kryp under ti grader minus. Sjølv det tilbodet er begrensa og ofte har folk blitt avvist. Og som vi alle som kjenner nordiske vinternetter veit på kroppen, det kan vere uuthaldeleg kaldt også når det er varmare enn ti minusgrader.
Eg er glad for at Paulus har tatt denne utfordringa og saman med frivillige av god vilje, vil arbeide med å gjer kyrkjerommet åpent for alle desse nettene fram til påske. For alle ja. Vår oppgåve er ikkje å sortere mellom ulike typar jordsmonn eller ulike behov. Eg har snakka med folk som har drive slikt arbeid med åpne kyrkjer både her i Oslo og i Bymisjonen i fleire storbyar. Det dei alle seier er at, tvert imot det ein kanskje skulle tru, er det ikkje ei bestemt gruppe som har behov for å gå inn i ei kyrkjerom, for å vere stille, for å varme seg litt, kanskje ha nokon å snakke med, for å be eller for å samle seg når verda er kaotisk og tilværet kjennest kaldt. Nokon kom for seint til siste tog, nokre har blitt kasta ut av kjærasten og veit ikkje kven dei tør ringe til eller i det heilekor dei skal ta vegen. Nokre er i ei livskrise, andre har ingen stad å bu, nokre har ei uro i seg og får ikkje sove, men må vandre rundt. Gud gjer ikkje forskjell på folk. Det skal heller ikkje Paulus åpen kirke gjere. Det er nødvendig med ei åpen kyrkje her i bynære strøk i Oslo i vinter. Eg veit at det bokstaveleg talt kan vende nød, svært ulike typar nød.
Gud gjer ikkje forskjell på folk. Er det noko evangelium her? Det er i alle fall ei utfordring til oss som ofte tenker på dei og vi, vi er dei som er normale og som har overskot og skal gje. Dei er dei andre som treng hjelp og omsorg. Eg tenker at alle slike skilje mellom "vi" og "dei" er djupt problematisk og kan gjere det nådelaust vanskeleg for oss sjølve når vi hamnar i situasjonar der det er vi som er avhengige av støtte, hjelp, av åpenheit i alle former: åpne rom og åpne armar.
Og det er jo her evangeliet ligg også: Grunnen til at Paulus innskjerpar at Gud ikkje gjer forskjell på folk, er at Gud skapar stadig skapar, opprettheld og gir liv til menneske utan skilnad. Og dessutan fordi Jesus har vist korleis det går an å leve eit liv, i denne verkelege verda, omgitt av bønder som sår og kvinner som baker og arbeidarar på vinmarka og i arbeidslivet elles, der det blir tydleg at Gud ikkje gjer forskjell på folk. Jesus sette livet inn for å vise at Guds kjærleik gjeld alle. Han blei kveitekornet som døydde og vart lagt i jorda og som stod opp igjen frå dei døde tredje dagen. Gud gjer ikkje forskjell på folk.
Det er eit evangelium til oss fordi. av og til, same kva, kjem dagen og den natta vi alle, du og eg, ja, same kor flinke og godhjarta og sterke vi er, treng å ta imot og bli tatt imot med åpne hender, kanskje i eit kyrkjerom vi kan kvile i og få nye livskrefter. Få styrke livsmotet. Det er det viktige med dei ulike kjærleikens fellesskap: Det er ei gjensidigheit her, av og til bærer eg deg, av og til bærer du meg. Av og til våkar eg over deg, av og til er det du som våkar over meg. Det er det vi øver oss på også i dag når vi feirar gudsteneste, å dele, å lære oss å gi og å ta imot. Og å feire at Gud ikkje gjer forskjell på folk. Det er bodskapen frå Paulus i dag og i nettene som kjem. I namnet til den treeinige Gud, skapar, frigjerar og livgivar. Amen.
Kari Veiteberg, biskop i Oslo

