Pipeorgel
Det er tradisjon for å støtte songen i gudstenester og kyrkjelege handlingar med instrumentalmusikk , og då særleg ved hjelp av orgelet. Orgelet har ein tradisjon og ei utbreiing som har gitt det ein sentral plass i kyrkjelyden sitt liv, og dette er ikkje tilfeldig. Orgelet har ei stor spennvidde når det gjeld klang, har vist seg veleigna til liturgisk bruk, til å dekkje ulike behov for akkompagnement og til ei rekkje andre musikalske oppgåver. Ved hjelp av orgelet har kyrkjemusikaren høve til å uttrykkje stor musikalsk variasjon, og såleis gi god støtte til alle dei ulike uttrykk som finst i liturgien og i vårt store mangfald av salmar, samt at det er veleigna til instrumentalt solospel og samspel. Mange av instrumenta eignar seg svært godt til konsertbruk.
Dei fleste kyrkjebygga i Noreg er utstyrte med pipeorgel. Eit orgel blir tilpassa rommet det skal stå i, og er instrumenta er ulike med omsyn til stemmer, klangfarge og dynamisk spenn. Kvart orgel er såleis unikt, og ikkje eit masseprodusert instrument. Pipeorgelet er eit av dei fremste kulturelle varemerka til kyrkja.
Mange organistar tilbyr orgelundervisning, og det finst orgelklubbar ulike stader i landet. Dersom du er interessert i å vite meir om dette tilbodet, ta kontakt med kyrkjelyden der du bur, eller rådgjevar for kyrkjemusikk i Kyrkjerådet.
Ulike instrument
Ved at stadig fleire stilartar får kome til uttrykk i kyrkjerommet, blir det i aukande grad nytta andre instrument enn orgel ved gudstenester, kyrkjelege handlingar og konsertar. Desse instrumenta blir brukte både i samspel med orgelet og i staden for orgelet. Opp gjennom historia har det i kyrkja vore ulike haldningar til bruk av ulike instrument i kyrkjerommet. Plan for kyrkjemusikk legg til grunn at alle instrument kan brukast i kyrkja.
Det er viktig å kunne velgje eit musikalsk verktøy som gir musikken karakter og truverde. Det er naudsynt med regelmessig vedlikehald av instrumenta i kyrkja å sikre velfungerande instrument.
Kor
Korverksemda utgjer ei av dei største friviljuge rørslene innanfor Den norske kyrkja, og korsongen utgjer eit kjerneområdet både i kulturlivet generelt og i den kyrkjemusikalske verksemda i mange kyrkjelydar. Korrørsla femner ulike typar kor. Innanfor Den norske kyrkja finst det omlag 700 kor for vaksne, og barn og unge deltek i over 1000 kor.
Den kunstnarlege og estetiske dimensjonen kan opne for kommunikasjon både på det menneskelege og det andelege planet. Det musiske er berar av eit språk som på ein særskilt måte kan opne sinn og sansar for «kilder utenfor oss selv».