Har du lyst til å bli med i ei bibelgruppe, og er mellom 18-35 år? Me startar no opp med bibelgruppe for unge vaksne.
I bibelgruppa vil me samlast for å lese i bibelen, be saman og snakke sant om livet. Dette krevjast ikkje noko forkunnskap om bibelen eller kristen tro, så det kan vere like aktuelt for deg som ynskjer å utforske trua som for dei som har vore aktive i kyrkja lenge.
Målet er at det skal vere eit trygt fellesskap kor me kan gruble på livet og om trua saman.
Me har ikkje satt tidspunkt for bibelgruppa enda. Me avgjer det når me har oversikt over kven som ynskjer å delta. Send ein mail til kn433@kirken.no om du er interessert!
