Fleire tenner lys på grava

Stadig fleire erfarer allehelgensdag som ein viktig minnedag. - Mange lever med sorg og sakn. Dei finn trøyst i at lyset skin på grava, seier diakon til kirken.no.

Lystenning på grava kan gje trøyst, håp og ro for etterlatne.

Minnemarkeringar for døde er av dei eldste kristne skikkane vi har. Lystenning på graver har vore ein veksande tradisjon i Norge dei siste tiåra.

- Dei første sikre tala på dette har vi frå 1991. Då hadde 40% av befolkninga tent lys på ei grav i løpet av siste året. I 2008 hadde denne andelen stege til 59%, fortel forskar Olaf Aagedal ved Institutt for kirke-, religions- og livssynsforsking.

Framleis er det flest som vitjar grava julekvelden, men allehelgensdag veks som ein viktig minnedag. Aagedal ser grunn til å tru at bruken av lystenningssymbolet berre vil auke. Årsakar til det kan vere auka turisme der ein til dømes har opplevd lystenning i katolske kyrkjer. Skepsis til lystenning på graver har samstundes minka. Endra teologisk haldning til lystenning i Den norske kyrkja er og ein faktor.

- Ved katastrofar og nasjonale minnemarkeringar har lystenning blitt ein viktig del av den «offentlege sorga». Det har truleg styrka opplevinga av dette symbolet. Fjernsynet har også vore ein viktig kulturspreiar av denne tradisjonen. Vi har sett fjernsynbilete frå lystenning i nasjonale og internasjonale sorgmarkeringar, og frå lokale lysmarkeringar etter drap og ulukker i eit lokalmiljø, seier Aagedal.

Lys kan lindre sorg

Sorg er noko vi alle møter i løpet av livet. For dei etterlatne kan sorg fortone seg svært forskjellig. Du kan ta kontakt med prest eller diakon der du bur for å dele di erfaring med sorg. Nettkyrkja er dessutan alltid open for deg.

- Eg erfarer at mange etterlatne, særleg dei fyrste vekene etter at dei har mista noken, går til grava kvar dag og tenner lys, seier diakon Astri Olga Tretterud.

Tretterud ser at dette handlar om at det er ein trøyst at lyset er der på grava. Etterlatne tenner lys for å minnest den døde. Lyset som brenn på grava fungerer og som eit symbol på at den døde er med i tankane og ikkje gløymt.

- I sorggrupper kjem det fram at mange ber eit ynskje om at det skal brenne lys på grava. Etter kvart oppsøkjer folk ikkje grava like ofte, men dei tenner lys ein gong imellom. Nokre spør naboar eller andre om å tenne lys på grava om dei sjølve er på reise. Lystenning er viktig for folk, fortel Tretterud.

Lyshav på kyrkjegardane

Ho ser at det er noko vakkert i det aukande lyshavet på kyrkjegardane.

- Mange lever med sorg og sakn. Dei finn trøyst i at lyset skin på grava.

Tretterud siterar frå Johannes' Openberring 21,4 med von om at bibelverset kan gje trøyst til alle som strevar med sorg og sakn.

Han skal tørka kvar tåre frå auga deira,
og døden skal ikkje vera meir,
og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine.
For det som ein gong var, er borte.

 

Vil du lese meir om kva Allehelgensdag er frå gamalt av? Då kan du lese denne artikkelen.

Dei fleste kyrkjer har ein form for minnemarkering allehelgensdag. Det kan vere i forbindelse med hovedgudstjenesten, som ein eigen minnegudstjeneste eller i form av ein kyrkjekonsert. Kontakt kyrkjekontoret der du bur for meir informasjon om lokale arrangement.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"