Vi ønskjer at kyrkja skal vere ein stad der vi kan stå saman i sorga, minnast og følgje den høgtidelege gravferda i fellesskap.
Program:
12.30 – Dørene opnar. Det blir høve til å tenne lys og finne seg til rette i kyrkja.
13.00 – Tre klokkeslag og eitt minutts stille før tre klokkeslag.
13.01 – Vi ser gravferda saman på skjerm.
15.30 – Klokkene ringer i ein time.
Alle er velkomne til å kome til Gulen kyrkje. Det er ikkje nødvendig å vere til stades frå starten – ein kan kome og gå som det passar.
Vi håpar mange vil ønskje å vere saman denne dagen, i sorg og respekt, og følgje gravferda i fellesskap.
Soknepresten vil være tilstades.
