Pilegrimshelg i Eivindvik 19. juni 2026

Pilegrimshelg i Eivindvik 19.–20. juni 2026 Velkomen til pilegrimshelg i Eivindvik! Saman med Eivindvik Brygge inviterer Gulen kyrkje til ei helg med vandring, fellesskap, gudsteneste og tid til ettertanke. Midt i den vakre kystnaturen ønskjer vi å skape rom for både kvile og nye møte – med kvarandre, med historia og med Gud.

Publisert:

Pilegrimshelg i Eivindvik 19. juni 2026

Fredag 19. juni

Helga startar med pilegrimsvandring frå Sollibotn til Eivindvik. Oppmøte er ved i Sollibotn rundt kl. 18.00. (når båten kjem) Herfrå vandrar vi saman inn mot kyrkjestaden i Eivindvik. Turen vert leia av kystpilegrimsprest Einar Vegge. 

For dei som kjem frå Bergen, går båten frå Strandkaiterminalen kl. 16.30 med ankomst Sollibotn kl. 18.10. Dei som kjem med eigen bil kan møte direkte i Sollibotn.

Kl. 19.30 samlast vi til pilegrimsmesse i Gulen kyrkje.

Etter gudstenesta blir det eit enkelt kveldsmåltid, føredrag og samtale. Kvelden gir høve til å vere saman, dele erfaringar og finne ro i eit travelt liv.

Om Einar Vegge

Einar Vegge er prest i Den norske kyrkja og kystpilegrimsprest langs Kystpilegrimsleia. Han har gjennom mange år arbeidd med pilegrimstradisjonen og korleis vandring kan vere ein veg til fordjuping, refleksjon og tru. 

Laurdag 20. juni

Laurdagen står open for eigne val og opplevingar.

Du kan nyte dagen i Eivindvik og ta del i Kaidagen arrangert av Ytre Sogn Kystlag, besøkje det historiske Gulatinget eller reise vidare til Kinn og oppleve Kinnaspelet – eit av dei mest særmerkte kultur- og kyrkjespela langs kysten.

Overnatting

Overnatting kan bestillast hos Eivindvik Brygge, som tilbyr trivelege rom med frukost. Deltakarar på pilegrimshelga får 10 % rabatt.

Telefon: 919 09 804
E-post: post@eivindvikbrygge.no

Det er reservert eit avgrensa tal rom fram til 20. mai 2026.

Transport

Frå Bergen fredag 19. juni

Avgang med båt frå Strandkaiterminalen kl. 16.30.

Ankomst Sollibotn kl. 18.10.

Vi kan hjelpe med transport frå kaien til Eivindvik og med bagasje dersom det er behov for det.

Retur laurdag 20. juni

Båt frå Sollibotn kl. 19.05.

For dei som ønskjer å reise vidare til Kinn, går det båt frå Sollibotn kl. 09.05 laurdag (ved minimum 10 reisande). Retur til Bergen er om lag kl. 17.00.

Hjarteleg velkomen

Pilegrimslivet handlar ikkje om å kome fort fram, men om å vere undervegs. Vi håpar du vil vere med på ei helg der det er rom for både stillheit, samtale, tru og fellesskap.

Har du spørsmål, er du velkomen til å ta kontakt.

Vi gler oss til å sjå deg i Eivindvik.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"