Friluftsgudsteneste og familietur til Breidvikstølen 14. juni

Velkomen til familietur og friluftsgudsteneste ved Breidvikstølen! Turen startar frå parkeringsplassen i Breidvik kl. 12.00 og går til Breidvikstølen. Me går på god skogsveg og sti, og turen tek om lag éin time. Dette er ein flott tur som passar for både store og små.

Publisert:

Friluftsgudsteneste og familietur til Breidvikstølen 14. juni

På stølen blir det premie til barna som deltek, og som vanleg får dei høve til å prøve kano og kajakk.

Turen blir arrangert i samarbeid med Breidvik og Bålen bygdelag. På stølen vil det vere sal av mylse, pølser, vaflar, kaffi og anna godt. Det kan vere lurt å ta med litt kontantar eller vere førebudd på å betale med Vipps dersom det er dekning på telefonen.

Kl. 13.30 blir det friluftsgudsteneste ved prest Håkon Kinsarvik.

Kle dykk etter veret, og hugs at foreldre har ansvar for eigne born gjennom heile arrangementet.

Me ønskjer alle hjarteleg velkomne til ein fin dag i naturen med fellesskap, aktivitetar og gudsteneste!

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"