Skaparverket i bilete og song

Skaperverket er tema i Eigerøy arbeidskirke sin møteserie «Møteplass for tro og undring» denne hausten. Torsdag 24 september kl.19.30 kan du møta songaren og fotografen Ranveig Marie Nesse, som tek for seg skaparverket i bilete og song.

Publisert:

Skaparverket i bilete og song

Ranveig Marie Nesse vil presentera seg sjølv nærare, og fortelja litt om kva ho likar å fotografera.  Spennvidden hennar er stor – frå portrett til det minste og største du finn i naturen. Og nettopp naturen vil vera i fokus denne kvelden, for hovuddelen for Ranveig Marie sitt foredrag vil dreia seg om artsmangfaldet på nordre Eigerøy.

"For meg er det å gå ut og nyta skaperverket min form for meditasjon og medisin. Så dei fleste bileta er tekne med den bakgrunnen", seier ho.

Arrangementet har fri entre for dei som vil koma denne kvelden.  Etter foredraget vert det høve til ein uhøgtideleg prat med Ranveig Marie. Mens vi – tradisjonen tru – får servert ein matbit i form av ei varmende, deilig suppe.

Etter maten og praten samlast dei som vil i kyrkjerommet. Her vil Ranveig Marie avslutta med ein film med bileter og song frå fyret og fuglestasjonen frå i fjor. Til slutt vert det ei kort liturgisk avslutning på kvelden før vi begir oss på heimveg.

Treng du skyss, hentar me deg gjerne! Ring 476 13 289 mellom kl.1830-1845 same dag.

Hjarteleg velkomen!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"