Alphakurs oppstart 15. oktober

Nysgjerrig på kristen tru?

Alphakurs oppstart 15. oktober

Oppstart torsdag 15. oktober kl. 19-21

                                         Stad:                  Kyrkjetorget, Forsand kyrkje

 

Kva er Alpha?

Målet med Alphakurs er å introdusera grunnleggande aspekt av den kristne trua gjennom undervisning, grupper, fellesskap og måltid.
‍
Alphakurs er særleg tilrettelagt for folk som er nysgjerrige på den kristne trua, samtidig som det og passar godt for kristne som ynskjer å vite meir om den kristne trua og bli betre kjent med Jesus.
 

Over 30 millionar menneske i meir enn 150 land har deltatt på eit Alphakurs dei siste 30 åra. 

 

Slik ser ein vanleg kveld ut:
– 19.00 Enkel kveldsmat
– 19.30 Felles samling med undervisning eller film
– 20.00 Gruppesamtale med kaffi
– 21.00 Slutt

 

Du blir ein del av den same gruppa heile kurset gjennom, og du bestemmer sjølv kor mykje du vil dele. Det er god plass til spørsmål, tankar og undring – heilt utan prestasjonskrav.

Kurset er desse torsdagane i Kyrkjetorget:

15.okt - 22.okt - 29.okt - 5.nov - 12.nov - 19.nov -

Fred 26. 1900-2100. - Lørd 27. 

3.nov

14.jan - 21.jan - 28.jan - 4.febr - 11.febr 

Kontaktperson: Ole Wollert tlf 41561737

Påmelding: https://minpamelding.agrando.no/?skjemaId=cd23d6be-abe0-4926-9f2b-78bb0ef2aea9

 

 

Arr: Forsand kyrkjelyd, Normisjon Forsand og Forsand huskirker

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"